Dagsturhytta er på plass på Ørnakula

Laurdag blei dei siste modulane av dagsturhytta på Ørnakulå heist på plass.

Nå skjer det. Dei siste modulane av dagsturhytta er på plass og ferdigmontert i løpet av dagen. Foto: Olav Magnus Måland
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FOGN:

Arbeidet skulle vore ferdig på fredag, men på grunn av tåke og dårleg sikt, måtte helikopteret avbryta flyginga.,

Sjølv om hytta er på plass og blei ferdigmontert på laurdag, er den ikkje komplett. Det gjenstår framleis litt arbeid både inn-og utvendig.

I løpet av mai og juni blir det montert ytterlegare seks nye hytter. Det gjeld dagsturhytta i Sola, Randaberg, Stavanger (Hundvåg), Hjelmeland og Suldal som og får to hytter.

Publisert: