Tina Nådland (t.v.) og Rebecca Egeland er nesten klar med programmet til årets Rennesøydag. Kartet over Vikevåg, kor det meste er plotta inn, ligg klart på bordet.

Av Rune Nedrebø

RENNESØY: -Me trur det skal bli eit kjekt arrangement kor folk kjem til å kosa seg, seier to av krumtappane bak, Tina Nådland på Innbyggertorget og Rebecca Egeland på bilioteket i Rennesøy.

Programmet er nå nesten spikra, og det begynner også å fyllast opp med utstillarar. Det skal vera 8-9 telt, og totalt er det rydda plass til 36 utstillarar nede på kaien i Vikevåg. Det er fortsatt nokre få ledige plassar igjen, men interesserte bør skunda seg viss dei vil ha plass, får Øyposten opplyst.

Frå Finnøy kjem det 5-6 utstillarar, nok til at det blir rigga til med eit eige «Finnøy-telt». Dessutan blir det eit «Internasjonalt telt» med servering av eksotisk mat.

Rennesøydagen kjem til å spegla mykje av organisasjonslivet som er i Rennesøy. Store lag som Mastra IL, Mastra hesteportsenter og Rennesøy Fotball blir med. Det blir ponniriding, og Rennesøy Bondelag i samarbeid med Rennesøy og Mosterøy Sau og Geit stiller med husdyr på sin stand.

Ørnhaug besøks- og aktivitetestun stiller mellom anna med trampoliner og reptiler, og i kulturstova i Meieriet blir det stort såpeboblehow. Kystkulturlaget stiller med gamle båtar og mottorar, og veteranane i laget byd på heimelaga bacalao. Dessutan held dei kurs i båtbygging for barn. Vetarnbilmiljøet i Rennesøy vil arrangera stor veteranbiltustilling.

Bygdas sterkaste, Kjell Gunnar Lindanger, har fått med seg Stavanger vektløfterklubb, og arrangerer kåring av dagens sterkast i benkpress.

Rennesøydagen går over tre dagar, og blir innleia fredag 26. august med kulturkveld i Kulturhuset Meieriet. Her står biletkunstnaren Svein Magnus Håvarstein sitt samarbeid med forfattaren Alfred Hauge på tapet. Dessutan blir det konsert med Inger Lise Hope og Arne Martin Aanestad.

Søndag blir det tur til utvalde kulturlandskap på Dale, med Audun Steinnes som proff guide.

Det er også klart at Rennesøydagen får 150.000 kroner i tilskot, 100.000  kroner frå kommunen og 50.000 kroner øyremerka frå Innbyggertorget og Frivilligshetssentralen.