"Ei med alt". Prosjekt som dette er sjeldan vare, og pressar prisane opp. Foto: Eie Eiendomsmegling

RENNESØY:

- Dette er unik vare. Det er langt mellom kvar gong slike eigedommar er for sal, det er den enkle forklaringa på den høge prisen, seier ansvarleg meglar i EIE eindomsmegling, Torbjørn Lie til Øyposten.,

Den unike fritidseigedommen på Mosterøy har «alt»; idyllisk beliggenheit, naust, brygge, molo, 30 meter strandlinje, bra standard på huset og dobbel garasje. I tillegg til gode solforhold.

-Det er totalpakken som gjer utslaget her. Det er generelt underskot på bustader/hytter i regionen noko som i seg sjølv pressar prisane opp. Men når ein då kjem over slike sjeldne utgåver som denne, ja då blir prisane ytterlegare pressa opp.

Kortreist hytteidyll

- Kven kjøpte eigedommen?

- Det kan eg ikkje sei, men vedkommande er frå Stavanger. At det er kort veg til hytta var eit av kriteria for kjøparen. Faktisk er det slik at stadig fleire legg vekt på det når dei ser etter fritidsbustader.

- Veit kjøparen at han kan stå i fare for å få ei monstermast over hovudet?

- Det gjer han. Alle som var involvert i budrunden var klar over det at ein av to føreslåtte trasèar går i nærleiken, opplyser Lie.