Pelsdyroppdretterne venter fortsatt på erstatning.

VARHAUG: Ambisjonen er eit godt oppgjer for pelsdyrnæringa og ro om saka, var budskapet frå ministeren på landbruksmøtet på Varhaug. Singaler om kva pelsbøndene kan venta seg, kjem rimeleg kjapt, lova ho.,

-Ingen er tjent med nye debattar om saka, sa Borch, som la til at også næringa nå fortener ro.

På spørsmål om kva "kort tid" betyr, svara ho at det ikkje er snakk om månader, men veker.

Sandra Borch frykta elles same debatten om kylling og gris, som den som har vore om pelsdyr.

-Der må me ikkje koma, slo Borch fast, og la til at regjeringa nå jobbar med ei dyrevelferdsmelding som både skal omfatta husdyr og fiskeoppdrett. Men ho var samtidig sikker på at dyrevelferden i Norge er god, og eit eksempel til etterfølgelse for andre land.

Pelsdyrbøndene hadde også fått lov til å ha ei kort markering på møtet, kor budskapet var at det har tatt alt for lenge, over fire år, å koma fram til eit oppgjer for pelsnæringa.

Landbruks- og matminister Sandra Borch. Foto: FOTO: Torbjørn Tandberg

Borch var også innom den nye gjødselforskrifta, som ho karakteriserte som "krevande".

-Det er det ingen tvil om. Konsekvensane blir større i nokre deler av landet enn andre, og Rogaland er her i ei særstilling, sa Sandra Borch, som la til at det var viktig med ein dialog med næringa, ikkje minst i Rogaland.

Men, husdyrgjødsel er ein ressurs som må forvaltast betre, slo også ho fast. Ho la også til at ho aldri kom til å gå med på eit regelverk som ville gjera det "umulig å driva med matproduksjon i Rogaland".

Ministeren kom også inn på forventningane til ei opptrapping av inntektene for næringa, som regjeringsskiftet har skapt. Borch varsla at regjeringa skal laga ein opptrappingsplan for bøndene, men åtvara samtidig mot det ho kalla for "enkle løysingar".

-Me vil ikkje koma i ein situasjon der resultatet blir overproduksjon, understreka landbruks- og matministeren.

Blant dei som hadde ordet i debatten etterpå var Erlend Nes frå Ombo, som hadde tru på at Sandra Borch kom til å bli ein betydeleg landbruksminister.

-Du er på god vei til å retta opp to stygge saker som gjeld landbruket, erstatninga til pelsdyrbøndene og gjødselforskrifta, sa Nes mellom anna.

Inspirert av det ukrainske folket sitt samhald mot Putins invasjon, avslutta Nes med ei oppfordring om å stå saman i jordbruksoppgjeret. Det kan gjera den store forskjellen, meinte han.