Mona Roth går over i ny stilling som leiar av ungdomsklubben på Rennesøy.

FINNØY:

Etter oppstarten i fjor haust har ungdomsklubben utvika seg sakte men sikkert. Dei melder om bra aktivitet i klubben og godt oppmøte på klubbkveldane. Målet til kommunen er at klubben skal på Finnøy skal veksa og bli endå meir større og meir aktiv. Den største utfordringa har vore å finna eigna lokalar, men no ser det ut til å ordna seg.,

Både «Svineriet» og stabburet på Rygjabø-tomta har blitt vurdert som alternative klubblokalar, men etter nærmare undersøkingar blei konklusjonen at ingen av desse er eigna til formålet.

Leiar Mona Roth som byrja i stillinga då klubben blei etablert i fjor haust, går over i ny 100 prosent  stilling i ungdomsklubben i Rennesøy frå 1. mai. Ho tek over etter Elizabeth Miranda Pettersen som skal byrja studera.

Skal veksa

Eivind Tjelta Halvorsen, som allereie jobbar i ungdomsklubben, går inn i Mona Roth sin stilling, men i full stilling.

- Viss ting går slik det ser ut no får kommunen leiga lokalar i 2. etasje i Coop-bygget på Judaberg. Me skal ha ein nye runde med Coop neste veke, og då trur eg mykje kan vera gjort. Klubben kan flytta rett inn i lokala utan å gjera mest noko som helst, det er ein stor fordel. Og så er det jo en god beliggenheit med flott utsikt, seier leiar i fritidsavdelingen, ungdom og fritid, Jone Kristian Sunde.

Dei to ungdomsklubbane kjem til å samarbeida på mange felt.