I ei tid med skyhøge matvareprisar kan biblioteke inspirera hobbygartnarar til å dyrka sin eigen mat, gratis.

In i tida

– Tanken er at folk kan låna frø som dei tek med heim for å dyrka. Så kjem dei tilbake med frø frå eigenproduserte plantar på hausten. No har rett nok ordninga ligge litt brakk på grunn av pandemien, men me ønskjer å ta den opp igjen og bli endå meir aktive, seier leiar ved biblioteket, Merete Meling Kindingstad.

Ho oppmodar folk som har frø til overs om å donera dei til biblioteket.

– No er tida for å ta frø av plantane. Tenk kor kjekt det blir viss me klarer få til eit skikkeleg velassortert frølager på biblioteket? Eg tenker det er viktig at fleire får kunnskap om korleis dei kan dyrka maten sjølve.

– Kva skjer dersom avlinga ikkje slår til?

– Dersom du ikkje får levert frø tilbake til biblioteket er det ingen grunn til å bli uroa, dette er ei svært uforpliktande ordning.

Merete fortel at tipset om frøbibliotek kjem frå Deichmans bibliotek i Oslo, men at også andre bibliotek har denne ordninga.