Lånekort gir tilgang til biblioteket, utanom åpningstida

Med lånekort og pinkode kan du låna bøker på bilioteket i Finnøy og Rennesøy frå tidleg morgon til seine kvelden.

-Lånekort og pinkode er nok for å låsa seg inn i bilioteket utanom åpningstida, seier Merete Meling Kindingstad.
Publisert:

FINNØY-RENNESØY: Ordninga blei innført i sommar for både Finnøy og Rennesøy, og den korte erfaringa som er gjort, er utelukkande positiv, opplyser bibliotekansvarleg Merete Meling Kindingstad i biblioteket på Finnøy til Øyposten

-Det er ganske mange som har nytta seg av ordninga, spesielt om me tek i betraktning at me ikkje har marknadsført dette noko særleg, seier Kindingstad.

Biblioteka i Finnøy og Rennesøy har sjølvbetening kvar dag mellom klokka 0600 og 2200, også søndag når bibiloteket normalt er stengt.

– Er det vanskeleg å bruka sjølvbetjent bibliotek?

-Nei, det er enkelt. Alt du treng å gjera er å låsa deg in med bibliotekkortet ditt og pinkode. Kortet blir med andre ord ein nøkkel til biblioteket, opplyser Merete Meling Kindingstad.

-Korleis bruker du Sjølvbetent bibliotek?

-Du låser deg inn med bibliotekkortet ditt og pinkode, bibliotekkortet blir med andre ord ein slags nøkkel.

Ordninga er med andre ord eit utvidinga av tilbudet ved dei to bilblioteka i øyane. Biblioteka vil vera betjent i den normale åpningstida, som før, men i tillegg kan folk besøkja biblioteket når det passar dei best, legg bibliotekaren til. Einaste begrensninga er at du må vera over 16 år.

Ordninga gjeld ikkje for grupperom og spesialrom, dei må bestillast ved å kontakta biblioteket i betjent tid.

Enkelt å bruka

– Me jobbar kontinuerleg for å styrke biblioteka i Stavanger. Nå har me endelig fått på plass eit sjølvbetjent tilbud i biblioteka på Rennesøy og Finnøy. Sølvberget har berre positive erfaringar med sjølvbetjente bibliotek, noko som bidreg til at biblioteka blir meir tilgjengelige, seier bibliotek- og kulturhussjef, Anne Torill Stensberg.

I tillegg til å låna bøker, CD-er, DVD-er og liknande, gir kortet tilgang til digitale tenester, for eksempel lydbøker, aviser, tidsskrift, filmar og databaser. Du kan låna og levera materialet på alle biblioteka.

-Ei bok lånt i byen kan like godt leverast tilbake på Finnøy, viss det passar betre, seier Merete Meling Kindingstad.

Ho tilrår også lasta ned Sølvbergets sin eigen app som heiter «Bibliofil».

Med appen kan du blant anna:

  • Søke og bestille i biblioteketet sine samlingar.
  • Få oversikt over eigne lån i "Min side."
  • Få digitalt bibliotekkort, det fysiske kortet treng du ikkje lenger.
  • Få tilgang til digitale tenester slik som gratis digitale aviser gjennom tenesta PressReader.
  • Bla i biblioteket sine anbefalingslister.
  • Få forslag til kva du kan låna ut frå kva du tidlegare har lånt.