John Peter Hernes gjekk for steinbrudd på Dalåker, sjølv om han meinte det var å rekna som gruvedrift, som er ein miljøversting.

-Heile familien synes det vil vera kjekt å driva ei eller anna form for landbruk. I dag bur me på Madla, og det som skjer av dyrking der er bare i liten skala. Nå er me på utkikk etter eit gardsbruk, eg har lyst til å prøva livet som småbrukar, seier Hernes til Øyposten.,

-Er det aktuelt å flytta til Fogn?

-Dess nærmare Stavanger me finn noko, dess meir sannsynleg er det å flytta dit. Det spørs om eg forelskar meg i Fogn, eg skal i alle fall ta ein tur og ta ein kikk på ein eigedom i helga, seier Hernes.

Hernes er gruppeleiar for Høyre i bystyret, kommunalråd og tidlegare sajølvstendig næringsdrivande.