Elevar frå øyane i Finnøy kjem på land frå skuleskyssen på Tau, klar for ein ny dag på Tryggheim.

Av Oddbjørg M. Måland,

FINNØY:

Kvar morgon før halv ni i vekedagane klappar skuleskyssen til kai på Tau. Om bord er det barn frå øyane i Finnøy som skal til den kristne grunnskulen, Tryggheim.,

Sidan den private skulen, som tilhøyrer Norsk Luthersk Misjonssamband opna i 2014, har talet på elevar auka kvart år. Også talet på elevar ifrå Finnøy. Foreldre vel den kristne skulen framfor den offentlege sentralskulen på Judaberg.

Blant dei er Iselin Jacobsen frå Fogn. Ho har tre eigne born, pluss ein bonusson, som alle går eller har gått på Tryggheim Strand.

Lukkeleg val

- Det byrja med at Sebastian som trengte tett oppfylging i skulekvardagen, blei råda av Barne- og ungdomspsykiatrisk (bup) til å skifta miljø, til å få ein ny start og vidare oppfylging.

Etter anbefalingar frå andre, samt ein del undersøkingar på eigen hand, landa me på Tryggheim Strand på Tau. Det skulle visa seg å bli eit lukkeleg val. For det fyrste er det enkelt å pendla frå Fogn til Tau med tilpassa skuleskyss morgon og ettermiddag. På Tau-sida tek det berre 10 minutt å gå ifrå kaia og opp til skulen. I tillegg finns det buss for dei som ikkje vil eller kan gå. Dessutan er skulen liten og har eit godt omdømme, seier Iselin Jacobsen til Øyposten.

-Korleis har det gått med Sebastian etter at han byrja på Tryggheim?

- Dette har vore eit positivt tiltak. Han har fått nye vener og god oppfylging i forhold til utfordringane sine. Motivasjonen og trivselen har auka, og han som tidlegare ikkje kunne tenka seg å gå lenger på skulen enn høgst nødvendig, ser no føre seg å ta ei lenger utdanning. På bakgrunn av dei gode opplevingane blei det naturleg at dei andre syskena forsette i same spor, seier Jacobsen.

Yngstedottera Anine byrja i fyrste klasse på same skule sist veke.

Møtt med skepsis

Thomas Gard frå Talgje er mest for veteran på rekna i denne samanhengen. Han går i 8. klasse og byrja no sitt fjerde skuleår på Tryggheim Strand.

- Kva eg tykkjer er best med skulen? Det må vera det god miljøet.

- Kva er det som gjer miljøet så bra?

- At det er ein kristen skule, gjer miljøet bra. Og så er lærarane veldig bra, smiler Thomas.  Far hans Tor Arne Gard, er glad det finns eit alternativ til den offentlege skulen.

- Det var mange, også kristne, som var skeptiske til skulen då den opna i 2014, men i dag har pipa fått ein annan lyd. For oss var verdigrunnlaget den viktigaste faktoren då me valde å senda ungane til Tryggheim. Dei kristne verdiane som samfunnet vårt er tufta på, er i ferd med å forsvinna, difor er me glad det finns eit alternativ, og støttar det. I tillegg held skulen ein høg fagleg standard. Det betyr ikkje at me var misnøgde med Sentralskulen, med me tykte dette var eit endå betre alternativ, seier Tor Arne Gard.

900 kroner månaden

Å ha ein elev på Tryggheim kostar 900 kroner i skulepengar per elev i månaden på barnetrinnet, og 1100 kroner per månad på ungdomstrinnet. Skuleskyssen frå øyane i Finnøy til Tau er gratis. Regelen er slik at for elevar som ikkje går på kommunale skular, dekker kommunen skuleskyss til nærmaste stopp etter kommunegrensa, som i dette tilfellet er Tau.

Rita Lindås frå Finnøy fylgjer sonen på hurtigbåten ifrå Judaberg til Tau. Mathias har nettopp byrja i 7. klasse på Tryggheim, og er godt nøgd med skulekvardagen så langt.

- Kva likar du best?

- At me ikkje har lekser, det er kjekt. Og så likar eg godt at det er roleg på skulen, det gjer det lettare å konsentrera seg, og då lærer me meir, forklarar Mathias.

- Eg trur me tok rett avgjersle då me bestemte oss få å senda Mathias til Tryggheim. Fordi han har lese -og skrivevanskar blei me anbefalt Tryggheim Strand av andre som har hatt same utfordringar. Sjølv om han berre har vore på skulen ei veke, er inntrykket mitt at lærarane fylgjer godt opp. Dessutan er det bra at det er fleire lærarar per elev enn det som er vanleg på andre skular, seier Lindås.