TALGJE:

-Nå har jeg vært frelst i 12 år, er ikke det fantastisk dere. Halleluja!,

Predikant Henning Gustavsen på talastolen prøver å smitta begeistringa si over på dei 30-tals frammøtte i teltet denne torsdagskvelden. Men dette er ei forsamling av det tollege slaget, som ikkje utan vidare let seg riva med.

Kanskje til skilnad frå pinsemenigheten som han er van med. Nå har Gustavsen starta si eiga kyrkje i Lyngdal, og er også blitt vekependlar til Talgje. Der har han flytta inn i ei campingvogn i nabolaget til møteteltet, og tatt seg arbeid hos Gard Maskin.

Telmøtet på Talgje skal pågå  i tre veker, med møter kvar veke frå onsdag til søndag. Eldre lesarar av Øyposten vil hugsa at telmøtet var "stort" før i tida, kor skikkelege sirkustelt av den spisse typen blei tekne i bruk, og folk gjekk mann av huse.

Teltet på Talgje av den meir beskjedne typen. Det er mindre og teltmøta samlar heller ikkje så mange som før.

-Fredag og laurdag er det mest folk her, då kan det koma 100 personar og meir. Talgjebuen kunne nok vore ivrigare, men Finnøy-folk er flinke til å møta opp. Dessutan kjem det folk frå byen og Jæren, seier arrangøren, Tor Arne Gard .

Det er fjerde året på rad det er teltmøte på Talgje, og nå er det kjøpt inn eige telt for anledningen gjennom firmaet Gard Maskin AS, som menigheten på Talgje leiar.

-Dei mange idrettshallane har nok gjort at det har dabba av med teltmøta, dessutan har engasjementet blant dei kristne minka, seier Gard til Øyposten.

Teltmøta er meir uformelle i forma enn møta på bedehuset, og terskelen for å koma dit skal vera lågare.

-Håpet er alltid at me skal nå ut også til dei som ikkje er freste, seier pastor Gustavsen.

Det er Tor Arne Gard og kona Åshild som saman med "gode hjelparar" står bak teltmøtet.

Gard er klar i talen når han får spørsmål om kvifor dei arrangerer teltmøtet.

-For meg ser det ut til at bedehuset ikkje maktar å ta opp kampen mot kyrkja og dei liberale kristne. Dei tradisjonelle kristne verdiane er på vikande front,  seier han, og meiner teltmøtet på Talgje fyller eit behov.

-Det er forbausande mange som kjem hit, seier Tor Arne Gard.

At teltmøtet skal pågå i tre veker er heller ikkje tilfeldig.

-Me ønskjer at Gud sender ein vekkelse, og då er to veker litt for lite. Held me på lenger kan folk bli vekte å få eit nytt liv. Det er det me vil, seier han.

-Nokon vil seia at du bidrar til å splitta bygda?

-Ja, det har eg høyrt. Men me har ytringsfrihet i landet, me bryr oss om folk og det er dette me trur på og vil kjempa for. Jesus sjølv gir oss befalingen i Misjonsbefalinga, Matteus 28. om å gå ut og forkynna, avsluttar Tor Arne Gard.