Dette blir meir og meir klart etter at regjeringa fredag, kom med pålegg om ytterlegare innstrammingar i kjølvatnet av auken i tal smittetilfelle av koronaviruset Covid -19.Nå reknar både NFF sentralt og NFF Rogaland med at det i beste fall blir oppstart av seniorfotballen i løpet av september.,

-Dette må eg innrømma at var «eit slag i trynet» for alle våre vaksne medlemer og fotballspelarar. Klubbane har gjort ein kjempejobb for å hindra smitte, og det må me fortsetja med, sjølv om det ikkje blir oppstart enno, seier dagleg leiar i NFF, Rogaland Erik Løland til Øyposten

-Det skal ikkje stå på oss i NFF Rogaland. Me skal vera  klar så fort det blir gitt grønt lys for oppstart.Nærmast frå dag ein, forsikrar han.

-Så sjølv om det blir ein sein oppstart, for det som i utgangspunktet var lagt opp til å bli spela med ei terminliste som ein haustsesong, så vil me vurdera ei ytterlegare forlenging av sesongen.Kanskje heilt fram mot jul.,Men det kan også bli aktuelt med andre alternative oppsett for å få i gong kampaktiviteten igjen, om situasjonen skulle framtvinga det.

-På kva måte då?

-Då kan det bli lagt opp til andre turneringsformer,eller måtar  å få i gong kampaktiviteten igjen for seniorfotballen. Så viktig er dette for å halda oppe aktiviten og motivasjonen, meiner Løland.

Kretsleiaren er likevel veldig glad for at barne- og ungdomsfotballen no kan starte opp igjen, frå neste veke av.I løpet av helga er det avvikla fleire treningskampar, og når skulen startar opp igjen,blir det « full rulle framover».

-Men for enkelte klubbar, særleg små klubbar med få spelarar, kan dett bli ei utfordring.Dette fordi den såkalla «2 dagars karantenereglen» kan gjera det vanskeleg for spelarar å spela kampar på meir enn eitt lag, avsluttar Løland.