Kan endelig ha kontakt med omverda som normalt

Kaien til Brimse er nå gjenåpna, etter at fundamentet svikta og kaien måtte stengjast for ferjetrafikk i sommar.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Ferja "Rygerfjell" kan nå gå innom Brimse som før. Her har ferja anløp av Byre.

RENNESØY:

Kaien har vore stengd sidan 20. juli, men måndag denne veka blei han åpna igjen, får Øyposten opplyst hos Rogaland fylkeskommune. Det er fylket som har ansvaret for både denne kaien og kaiane på Byre og Sør-Boikn.,

-Det er støypt nye fundament til kaien, opplyser Håkon Odland i Rogaland fylkeskommune til Øyposten.

Stavanger kommune har nå overlete ansvaret til fylket for dei tre nemnde kaiane, sidan dei er i fylket si eige. Ifølge Odland vil det bli årleg inspeksjon av kaiane, og dei vil også bli undersøkt av dykkar kvart tredje år.

Det er dei undersjøiske straumane frå propellane til ferja "Rygerfjell" som har gjort at fundamentet på Brimse-kaien svikta, og også kaien på Sør-Bokn viser teikn til svikt. Ferja går også innom Østhusvik, men sidan det er ein kommunal kai er den Stavanger kommune sitt ansvar.

Ifølge Tryge Petter Nilsen i Stavanger kommune vil kaien på Østhusvik bli inspisert neste år, men ifølge Nilsen skal ikkje kaien visa teikn til svikt av noko slag.