Nå er det rett før Coop-piren er klar

I løpet av morgondagen, torsdag, skal den nye gjestebrygga til Coop vera ferdig til å i mot dei fyrste båtturistane.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Arbeidet med å gjera den nye gjestebrygga ferdig har pågått for fullt denne veka..|Dagleg leiar i Coop Finnøy på Judaberg, Sven Inge Goa, sjekker innspurten i arbeidet med den nye gjestebrygga. Foto: Oddbjørg Måland.|Gunnar Thorsen, Vilja Thorsen og Tom Bjørn- Nielsen er glad for fleire båtplassar i Judaberg sentrum.

FINNØY:

Dagleg leiar i Coop Finnøy, Sven Inge Goa, har ferie, men klarte ikkje å la vera å ta turen til Judaberg for å sjekka innspurten.,

- Akkurat no kjenner eg meg stolt. Å stå her og sjå at gjestebrygga som me har gleda oss så enormt til, er i ferd med å ferdigstillast, er utruleg kjekt. Når me fyrst kom i gang gjekk prosessen svært fort, og det i rett tid med tanke på høgsesongen, seier Goa.

Dagleg leiar i Coop Finnøy på Judaberg, Sven Inge Goa, sjekker innspurten i arbeidet med den nye gjestebrygga. Foto: Oddbjørg Måland.

Ferdigstillinga skal markerast i og rundt butikken på laurdag. Det blir sal av grovbrød til 10 kroner per stykk og finnøykokken Magne Gjerde skal servera heimelaga suppe til kundane.

Då Øyposten sjekka forholda på kaia onsdag føremiddag, var landgangen på plass, og bølgestopparen låg ferdig, men ikkje montert. Det var heller ikkje utriggarane.

- Eigenteleg var koronaen med å setta fart i byggeprosessen. Med fjorårets sommar friskt i minne såg me ganske tidleg at situasjonen ville bli den same i år. Ein ny norgesfeire på oss, ville auka behovet for fleire båtplassar. Dermed snudde med oss rundt og sette i gang. Styret var som vanleg positive  til tiltak som kan styrka næringa i sentrum, og ga grønt lys. Så no står me her og er i ferd med å legga siste hand på verket. Ja, eg er stolt

Andre som er glad for fleire båtplassar i sentrum er familien Thorsen og Bjørn-Nilsen som har hytte på Byre.

- Dette var gode nyheiter. Fleire båtplassar i sentrum er sårt tiltrengt. Når me kjem frå Byre og skal handla på butikken er det ofte fullt på plassane utanfor Bygg Mixen. Me opplever at bruken av gjestebryggene ikkje alltid fungerer etter hensikta, men det blir nok ikkje lenger ei utfordring med fleire plassar. Dette er tipp- topp, seier Tom Bjørn-Nielsen.