"Barnas Sommer" på Utsyn fullteikna på sju minutt, må utvida

Det tok bare sju minutt før «Barnas Sommer» på Utsyn blei fullteikna. Nå har misjonssenteret fått 40 nye plassar, og åpnar for ny påmelding.

Svanhild Eggebø Spanne (t.v.) og Sissel Marie Bjerga skal arrangera "Barnas Sommer" i sommar.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

-Me åpna for påmelding klokka 0900, og 0907 var det ikkje fleire ledige plassar igjen, og 11 på venteliste, opplyser Sissel Marie Bjerga, dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter på Finnøy til Øyposten.,

Utsyn Misjonssenter var den einaste i Finnøy kommunedel som tilbydde opplegget "Barnas Sommer" i år.  Då skulle i utgangspunktet 40 barn fordelt på to veker i slutten av juni vera med på leik og moro. Både aktivitetar på Ustyn, tur til Fiolen familiepark på Talgje og tur til speidarkampen på Berge på Finnøy står på programmet.

-Det var påmnelding frå dei fleste øyane i Finnøy, og også frå byen. Mange nye ansikter for ungane å bli kjent med, seier Bjerga.

Den store interessa for "Barnas Sommer" på Utsyn gjer at kommunen nå trør til med ekstra pengar, slik at det blir plass til ytterlegare 40 barn fordelt på dei to vekene. Tilbudet er gratis for ungane.

-Då deler me kvar veke i to kohortar av hensyn til smittevernet. I urtgangspunktet var det 12 ledige plassar i veke 25, og 17 veka etter, opplyser Sissel Marie Bjerga.

Meir informasjon og påmelding ligg på Utsyn si Facebook-side eller på utsynmisjonssenter.no

Publisert: