Vaksinebussen kjem snart til Finnøy og Rennesøy.

FINNØY-RENNESØY: -Det er uheldig at begge deler skjer samtidig. Men me fekk beskjed om at bussen ville koma seinare, og planla ut frå det, seier kommuneoverlege Morten Hovdet ved Finnøy legekontor til Øyposten.,

Det skal nemleg gå ei veke mellom influensavaksine og vaksinering mot korona. Vaksineringa mot influensa er planlagt i Finnøy og Rennesøy 3., 4. og 9. november, mens Vaksinebussen skal koma til Finnøy 8. og 9. november, og til Rennesøy 9. og 12. november

Erik Bjerk, leiar for vaksineprosjektet i Stavanger kommune seier at det ikkje er mulig å flytta tidspunktet for vaksinebussen.

-Veka etter stengjer me dette tilbudet, det er det dessverre ingen mulighet til å endra på, seier Bjerk.

-Folk må velja om dei vil ta influensavaksinen nå, eller bestilla tid hos oss seinare. Men me anbefaler alle som kan å ta influensavaksinen her som planlagt, og heller ta koronavaksinen i vaksinesenteret i byen. Eg håpar difor at det ikkje treng bli så mange dette skapar vanskar for, seier Morten Hovdet.

Vaksinesenteret i Stavanger ligg i 2. etasje i Curlingbygget på Tjensvoll.