Talgje-kyrkja tar djupdykk i dei store spørsmål

-Det er ingen tilfeldighet at me er til, kristen skapartru står mykje sterkare i dag enn  for nokre år sidan, hevda teolog og førsteamanuensis Jarle Stormark, då kyrkja på Talgje inviterte til temakveld onsdag.

Jarle Stormark frå universitetet i Stavanger heldt eit engasjert foredrag i bedehuset på Talgje om forholdet mellom kristen tru og naturvitenskapen.|Livleg diskusjon i pausen. Frå venstre Jarle Stormark, Ruben Gaski, Berner Meling og Eilef Gard.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

TALGJE:

30-40 hadde møtt fram på bedehuset på Talgje denne kvelden. På dagsorden stod det verkeleg store temaet: kvifor er me til? Eller, som det stod i invitasjonen: «Forholdet mellom kristen skapartru og naturvitenskap i dag».,

Det er «ansvarskomiteen for kyrkja på Talgje» som står som arrangør. Berner Meling frå komiteen seier at håpet er å arrangera jamnlege møter om interessante tema som fengjer.

-Viss me kan dempa motsetningar og skapa samhald i samfunnet, vil me gjerne bidra til det, seier Meling til Øyposten.

Jarle Stormark jobbar til dagleg på universtitetet i Stavanger, mellom anna som lærar for grunnskuleutdanninga.

Finstemt og kompleks

 

Ifølge teologen og akademikaren Stormark er ikkje motsetningane mellom naturvitenskapen og den kristne trua like stor i dag, som dei var for 30-40 år sidan.

Dei store framskritta i naturvitenskapen har nemleg avdekka kor uhyre kompleks og finstemt naturen er, påpeika han.

-Mange forskarar klør seg difor i hovudet i dag og spør seg korleis dette kan hengja saman. Alt er så utruleg finstemt at forskarane ikkje skjønar det, hevda ein engasjert Jarle Stormark.

 Livleg diskusjon i pausen. Frå venstre Jarle Stormark, Ruben Gaski, Berner Meling og Eilef Gard.

Han drog fram mange eksempel på at evolusjonsteorien om tilfeldig utval hadde sine klare begrensinar, og viste også til at fleire leiande forskarar innan naturvitenskapen konkluderer med at det må stå ei skapartkraft bak.

Det var ein begynnelse

 

-Forskarar i dag trur ikkje at universet er uendeleg i tid og rom, men at det ein gong hadde ein begynnels. Bibelens skaparberetning står mykje sterkare i dag i det vitenskaplege miljøet enn før, meinte han.

Etter pause med gongkaker og kaffi blei det åpna for debatt, og det var tydeleg at temaet fen gde mellom dei frammøte.

Mellom anna fekk Stormark spørsmål frå ei som ville vita korleis han såg på temaet «the missing link», mellomleddet som skal binda dagens benneske saman med tidlegare livsformer.

 

Nye livsformer

 

Han  fekk også spørsmål om mennesket er unikt, eller om me kan tenkja oss at evolusjonen held fram og skaper heilt nye livsformer.

Stormark presisterte at heller ikkje han hadde alle svar, og at bibelen hadde eit sterkt symbolspråk.

-Det er mykje som er vanskeleg å forklara. Viss det er slik som evolusjonen seier, kvifor fekk me då dei største dyra og plantene først, undra han, og la til at det også er eit faktum at ei rekkje artar oppstod omtrent samtidig.

Ispirert av kvelden lova Berner Meling nye kveldar om aktuelle tema, før dei frammøtte avrunda det heile med å syngja alle versa av «O store Gud».

Publisert: