Foresatte blir ikke lenger varslet om smitte i klassen til barnet. Dette gjelder både på Rennesøy skole og de andre skolene i kommunen.

RENNESØY: En av deira tilsette testa positivt for covid-19 med ein hurtigtest onsdag denne veka. Personen har kun vore på jobb tirsdag denne veka, opplyser Rennesøy skule på sine eigne nettsider.

Elevane som går i dei to klassane vedkommande underviser i, blei informert, og fekk med seg hurtigtestar og instruksjonsskriv hjem. Føresette til dei aktuelle klassane fekk også informasjon via e-post og sms, opplyser skulen.

Bygdebladet omtalte saka først.

Rektor Erik Nielsen opplyser til avisa at dei har tatt forholdsreglar, samt at dei sjekker om det kan ha skjedd ei eventuell smittespreiing.

"Jeg vil tro at det rett og slett er liten sjans for spredning. Vi tok grep på onsdag, med en gang vi fikk beskjed. Da delte vi ut hurtigtester til alle elevene som var berørte. Det var ingen som fikk utslag på testene torsdag morgen", seier rektoren til Bygdebladet.

Elevane har fått instruks om å testa seg på mandag før skuletid, for å vera sikker på at dei ikkje er smitta.