Laurdag føremiddag var Lars Fugledal (bilete) som vanleg i sving på Miljøstasjonen på Faa,travel oppteken med å losa dei mange besøkjande med tilhengarar fulle av avfall bort til dei rette containarane for deponering.-Ja,eg lyt passa på å vera tydeleg på kor dei respektive avfallsprodukta skal hivast,ellers gjer eg ikkje jobben min.

For han Lars er meir eller mindre blitt ein legende når det gjeld søppel- og avfallssorteringa i Finnøy.Og 68- åringen har på ingen måte tenkt å gi seg med det første heller,kjenner me han rett.-Eg trur mest eg har hatt besøk av minst 10 «viktige» personar frå Stavanger som på ulike vis har fortalt meg korleis eg skulle gjera,så no siste gongen tok eg like godt alle i handa og takka dei for god og grundig informasjon,humrar Lars på sin karakteristiske måte.Og med fire nye spann på tunet i tillegg hjå einkvar bustadeigar, er det eit betydelig steg finnøybuen også tek inn i ei grønare og meir bærekraftig framtid.