Det skriv Fylkesmannen i Rogaland på si nettside. «Fylkestinget har i møte den 12. juni 2019 vedteke jordvernstrategi for Rogaland, og dette kan seiast å vere ein merkedag for jordvernet i fylket. Regional jordvernstrategi er ei oppfølging av Nasjonal jordvernstrategi, med mål om at omdisponeringa av dyrka jord i Noreg skal vere under 4000 dekar.»

«Under behandlinga i Fylkestinget kom det fram forslag om tydelegare ambisjonar, mellom anna at dyrkbar jord må vere med i målsettinga. Ingen la fram forslag om å lempe på ambisjonen i utkastet, og det er slik sett eit samrøystes fylkesting som står bak dette», skriv Fylkesmannen.

I 2018 blei det i Rogaland omdisponert 467 dekar dyrka jord. I 2009 var det talet 2354 dekar. Dei seinare åra er tendensen at mindre dyrka jord blir omdisponert.

«Utkast til ny jordvernstrategi var på høyring i 2018 og det blei gitt 24 høyringsinnspel. Generelt sett er det gitt positiv respons, samstundes er det kome ein del merknader som er søkt følgt opp i samband med sluttbehandlinga. Nokon har meint at det bør vere ein nullvisjon når det gjeld tap av jordbruksjord. Det har mellom anna vore ein diskusjon om kva som inngår i omgrepet jordbruksareal, og det er presisert at innmarksbeite inngår i måltalet».