|

"Når Finnøy blir ein del av nye Stavanger kommune, ønsker Venstre å skape bolyst og jobba for at det vert endå meir attraktivt å bu og leva på øyane. Me vil gjera kollektivtilbodet betre, satsa på dei grøne arbeidsplassane og halda kystlinja og fjordane reine.

Venstre er på lag med Finnøy. Me ser fram til å bli ein meir mangfaldig kommune, og til å dyrka eigenarten og det me er gode på, i byen og på øyane. Me vil ha tett dialog med innbyggarar og næringsliv, og leggja til rette for gode liv og berekraftig verdiskaping, også i framtida.

Det skal vera attraktivt å busetja seg i Ryfylke. For Venstre betyr det eksempelvis at det må vera lettare å reisa miljøvenleg. Ein skal ikkje måtta vera avhengig av bilen i morgondagens Finnøy. Me treng fleire bussar mellom Finnøy og Stavanger, helst for lågare pris. I tillegg vil Venstre stoppa nokre av fylkeskommunen sine planlagde kutt i hurtigbåttilbodet. Det må generelt bli enklare å reisa til og frå Finnøy om morgonen, ettermiddagen og kvelden, og i helgene. På dei landfaste områda vil me testa ut Hent meg-buss, som kan henta og køyra folk frå der dei er til der dei skal, når behovet oppstår. Det betyr meir effektive og fleksible kollektivreiser.

Me er stolte av tomatbøndene våre, og vil satsa på veksthusnæringa. Venstre vil jobba saman med bøndene for å finna gode løysingar som kan kutta utslepp. Vidare vil me heia fram dei som skal laga morgondagens arbeidsplassar i Ryfylke. Me har laga ein ti-punkts gründerpakke med tiltak som skal gjere det enklare å lukkast som grunder og småbedrift. Finnøy sine ønsker, mål og føresetjingar må inn i kommunens strategiske næringsplan, og lokalar må stillast til rådigheit for dei som vil starta for seg sjølv.

Ryfylke har fantastisk natur, og fjordane våre gir oss både store opplevingar og inntekter. Plastforureining er eit trugsmål for alt som lev i sjøen, men også for matfatet og næringane våre. Venstre kjemper for reint hav, strender og kystlinjer. Me vil verna om livet i havet og laga ein handlingsplan for opprydding av forureina sjø- og badeområde. Frivillige som vil vera med og rydda i strandsonen og på øyane gjer ein viktig jobb, og me skal gjera det så enkelt som mogeleg for dei. Venstre vil at nye Stavanger skal vera ein føregangskommune for  å hindra at plast hamnar i naturen, og for å kutta bruken av eingongsplast.

No er det lokalval, du har mogelegheit til å røysta på eit parti som vil sikra og vidareutvikla eit triveleg, levande og grønt Finnøy. Og det er Venstre, så klart."