- Me har ikkje mål om å veksa for å bli veldig store, men å bli så gode som mogleg på det me held på med, seier leiar og eigar Kristoffer Østhus.,

Og det har dei lukkast med. På eitt år, frå 2017 til 2018 har driftsresultatet auka frå 416.000 til 2.6 millionar kroner, og omsettinga kom opp i 42,4 millionar kroner.

,-

Kva har de gjort?

- I fjor var eit ekstra godt år for vår del med stor aktivitet i marknaden og mykje jobb. I år er og eit bra år, men ikkje på same måte som i fjor. I tillegg har eg flinke og arbeidsame tilsette.

Østhus Bygg og Maskin driv allsidig og fleire føter å stå på.

- Hovudaktiviteten er bygg, primært hytter og landbruksbygningar. I tillegg gjer me ein god del maskinarbeid for bønder, blant anna rundballepressing og slåing, samt sal av fôr. Ein del av aktiviteten vår føregår utanfor kommunen.

,-

Korleis ser framtida ut?

- Det er sjølvsagt aldri lett å spå om framtida, men slik eg ser det no, er det positivt. Sjølv om konkurransen er tøff, trur eg det vil vera bra med arbeid i tida framover, seier Østhus, som har 12 fast tilsette. Om sommaren tek han inn lokale ungdommar som får prøva seg på maskinarbeid.

Østhus Bygg & Maskin  AS

Dagleg leiar: Kristoffer Østhus

Styrets leiar: Kristoffer Østhus

Omsetting 2018: 42,4 mill

Omsetting 2017: 33,9 mill

Omsetting 2016: 22,8 mill

Driftsresultat 2018: 2,6 mill

Driftsresultat 2017: 416.000

Driftsresultat 2016: 972.000

Eigenkapitalandel: 37,9 %