Noko av det siste forvaltningstyret i Finnøy gjorde, var å innvilga søknaden om båtlager i Sjernarøy.

I går, onsdag, hadde Forvaltningsstyret i nåverande Finnøy kommune, sitt siste politiske møte. Det blei ein ny runde med mange dispensasjonssaker for tiltak i det mykje omtala LNF-område (landbruk, natur og friluftsliv).Saker der politikarane nok ein gong er på kollisjonskurs med overordna, både kommunale og statlege styresmakter. Då representert med både Fylkesmannen i Rogaland og den kommunale administrasjonen i Finnøy som saksbehandlarar.,

Dette fekk ein noko frustrert Sp-politikar, Kai Petter Flesjå til å koma med fylgjande hjartesukk;-Dersom det blir slik at det offentlege er i ferd med å verna landbruket så sterkt at det fører til at ingen lenger vil bu på øyane, så har me ei kjempeutfordring.

Frustrasjonen kom særleg til uttrykk i saka frå den unge brukaren på Bjergøy i Sjernarøy, Espen Johan Havn, som har teke over veksthusa og det vesle gardsbruket etter foreldra sine. Han har berre får ein midlertidig dispensasjon til ei bruksendring til lagerhall for småbåtar i det eldre veksthusanlegget sitt. Hovudgrunngjevinga er at det vil føra til auka trafikk og trugar landbruksinteressene i området. No fekk politikarane saka opp til ny behandling i sit siste møte.

Eit landbruk i total endring

Tomatgartnar og Ap-politikar, Jon Olav Runestad, følgde opp:

- Det verkar ikkje som om ein har teke innover seg det faktum, at både strukturen og produksjonsmetodane i landbruket og gartnerinæringa har endra seg kraftig dei siste åra. Dette gartneriet er så gamalt og så lite rasjonelt at eg faktisk trur at ei slik bruksendring frå tomatproduksjon til båtlagring vil gi langt betre inntening enn det «å krypa på bakken for å leita etter tomatar». Dette gartneriet er på ingen måte i stand til møta framtidas krav til effektivitet og rasjonell produksjon.

Eg har ei viss forståing for at administrasjonen har si rolle å spela opp i dette. Men då er det opp til oss politikarar å utvisa skjønn, og i større grad peika på dei utviklingstrekka som er rådane både lokalt og i samfunnet elles, sa Runestad.

Han viste også til ei liknande sak om bruksendring av eldre veksthus til båtlagring på Finnøy frå 2006, der både kommunen ga grønt lys til føremålet, og Innovasjon Norge støtta tiltaket økonomisk.

Peikefinger til Hetland

Birger Hetland frå Senterpartiet tok i bruk enno sterkare karakteristikkar, og meinte at ei slik innstilling frå administrasjonen var eit hån mot ein ung familie som prøver å etablera seg i Sjernarøy for å finna ei tilleggsnæring som kan gi eit levebrød på dette småbruket.

- Slike karakteristikkar ber eg om at du ikkje brukar, repliserte leiar Olav Halsne, som etter eit gruppemøte kom med forslaget som vart samrøystes vedteke.

-Det må jo vera mykje betre, og ein svært god distriktspolitikk, om me legg til rette for denne type verksemder og tilleggsnæringar knyta til den lokal turisme og reiseliv i øyane våre, enn at desse småbåtane blir frakta til meir sentrale strok rundt Stavanger for vinterlagring, held Halsne vidare fram.

Det var også leiar Halsne, som kom opp med ei lang og omfattande grunngjeving i sitt forslag til vedtak som til slutt vart vedteke av eit samrøystes Forvaltningsstyret.

Eit vedtak som  i korte ordelag går ut på at den unge brukaren, Espen Johan Havn, får permanent løyve til ei bruksendring av veksthusanlegget sitt til lagerhall for småbåtar.