Vaksinebussen til Judaberg og Vikevåg onsdag og torsdag
Vaksinebussen kjem til Judaberg onsdag 12. januar, frå 09.00 til klokka 18.00 og til Vikevåg torsdag 13. januar, i same tidsromet.
Denne artikkelen er over ett år gammel
STAVANGER:
Det opplyser vaksinetenesta i Stavanger. Vaksinebussen er blitt ein stor suksess, med lange køar dei fire dagane han var på Finnøy og Rennesøy i veka som, gjekk. Nå kjem han igjen, og sjølv om det ikkje er planar om fleire turar i øyeblikket, blir det ikkje heilt utelukka. Kommunen har fått hjelp av Forsvaret til å halda tilbudet i gang.