Coop-sjefen på Finnøy, Sven Inge Goa, meiner folk kan handla trygt i butikken på Judaberg.

FINNØY:

-Og det er ikkje berre denne avdelinga på COOP EXTRA som har hatt ein veldig fin auke i omsetninga. Det same har også COOP Byggmix butikken på andre sida av kaien, opplyser styrar Svein Inge Goa til Øyposten.,

-Ja, kva tal er det eigentleg me her snakkar om?

-Me har for første gong passert ei omsetning på 50 millionar kroner, og vil truleg enda på litt over 56,1 millionar for COOP EXTRA .Det er ein auke på heile 16% i forhold til i fjor, då omsetninga var på 49 millionar kroner. Men det som er ekstra gledeleg er også at Byggmix-avdelinga kan visa til ei liknande utvikling. Der viser tala så langt også ein auke. Litt over16 prosent, seier ein svært tilfreds handelslagsleiar.

-Og nå blir det bonusfest for medlemmene i laget?

-Nei, det trur eg nok ikkje, humrar styrar Goa.

-Me har eit styrevedtak på eit medlemsutbytte på 2%, og det står sjølvsagt ved lag fram til årsmøte. Så langt så ser eg vel heller ikkje nokon grunn til at me skal gi oss ut på ein bonusfest i laget. Til det er denne koronasituasjonen, som heile samfunnet no er i ,alt for spesiell, understrekar han.

-Likevel meiner eg det er veldig positivt at styret vel å pløya noko av overskotet tilabake til lokalsamfunnet, ved eksempelvis å tildela ei betydelege pengegåva på 81 000 kroner som me overrekte Fleirbrukshallen denne veka.,Og så er det jo alltid godt å ha "litt pengar i banken" til å møta andre og kanskje meir utfordrande tider. For eitt år som det i 2020 får me nok ikkje igjen, avsluttar ein nøktern handelslagsstyrar.