Sjøsetting av kano. (Fra venstre: Elizabeth Pettersen, Seline Elvik Knutsen, Ronja Hodnefjell og Amalie Incoronato Aartun). |Sjøsetting av kanoen.|Sjøsetting av kanoen. |Fritidsklubbleiar Elizabeth Pettersen hjelp til med å sette finna på padlebrettet. |Dei to unge leiarane, Sofie Elvik Knutsen (venstre) og Maria Førsvoll (høgre).

Rennesøy:

-Eg synest det er eit fantastisk tilbod. Det gir ungdommar noko anna å finna på enn å sitje heime og sjå på Netflix i finværet. Det er også litt ekstra stas å ha litt padleerfaring frå Sirdalen med seg, seier Ronja Hodnefjell til Øyposten.,

Ho er med på den første sommarbonanza'en som har blitt arrangert på Rennesøy. Opplegget er i regi av Stavanger kommune. Fritidsklubbleiar Elizabeth Petteresen er fornøgd med korleis starten på arrangementet er blitt etter eit heilt år med planlegging.

Årets sommarbonanza tiltrakk seg 17 ungdommar som kan fortelje om ein kjekk start på veka, og fritidsklubbleiaren seier til Øyposten at dei vil justera tilbodet etter etterspørselen til neste år.

Arrangementet har mange kjekke aktivitetar å tilby, samt sommarjobb for dei påmelde ungdommane som ønskjer det. Dette tilbodet tok blant anna Sofie Elvik Knutsen, Maria Førsvoll og Ezra Daniel seg nytte av.

-Eg vil oppfordra alle som har mulighet til å søkja neste år, både som deltakar og for å jobba her. Det er ein givande sommarjobb med kjekke og varierande arbeidsoppgåver kor du føler deg sett og tatt vare på, seier Maria Førsvoll til Øyposten.

Dei to unge leiarane, Sofie Elvik Knutsen (venstre) og Maria Førsvoll (høgre). Foto: FOTO: Jone Bergøy Nedrebø

Padlebrett og kanopadling i Prestvågen sto først på agendaen for årets sommarbonanza. Den idylliske middelhavsstranda var eit perfekt startpunkt for padlinga. Deltakarane er ivrige for å koma seg ut på sjøen og dei unge leiarane, samt fritidsklubbleiar er hjelpsamme med å sjøsetta kanoane.

Vekas sommarbonanza vil fortsette med sufring på Hellestø på tirsdag, Air By Boulder på onsdag som er ein klatre- og trampolinepark på Tvedtsenteret. På torsdag er det nærmiljødag kor det er planlagt ein tur frå Østhusvik til Sel og Pilå, og for å få ei fin oppsummering på veka er det tur til Kongeparken på fredagen.