Sjå kva dei får til på Finnøy - blank is

Lauvsnesvatnet ligg med spegelblank isflate, kor ungar både med og utan skeiser boltrar seg i frydefull leik på isen. Lokale bønder har æra for å ha laga eit «Mini-Bislet» på Finnøy.

Blank is på Lauvsnesvatnet. Resultatet av innsatsen frå lokale bønder.|Blank is på Lauvsnesvatnet. Resultatet av isatsen frå lokale bønnder.|Hanne Øen frå Talgje ordna med bål for at ungane skulle ha noko å varma seg på. Lena Rørtveit tykte det var deilig.|-Dette er kjekt, seier Serina Salomonsen Rønnevik.|Peder Berghøy i gang med skrapinga av isen tidlegare i veka.|For sikkerhets skuld blei isen målt før traktoren kjørte utpå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY

: -Det er veldig gøy, eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleva dette, seier Serine Salomonsen Rønnevig. Saman med heile tredjeklassetrinnet var ho torsdag på isen på Lauvsnesvatnet for å prøva skeisene.,

 -Dette er kjekt, seier Serine Salomonsen Rønnevig.

Der hadde lokale bønder gjort ein kjempejobb med å skrapa bort snøen. Resultatet var ei isflate som både skein og blinka i februar-sola, og som fint kunne konkurrera med isen på Bislet, hovudstaden sin berømte skeisebane før i tida.

-Etter at det for litt sidan la seg eit snølag på isen, fann me ut at me ville prøva å skrapa han, seier Peder Bergøy til Øyposten.

 Hanne Øen frå Talgje ordna med bål for at ungane skulle ha noko å varma seg på. Lena Rørtveit tykte det var deilig.

Som sagt så gjort. Den gamle Deutzen frå 70-talet blei henta fram for jobben og utstyrt med med traktorskrape.

-Me målte isen til rundt 30 centimeter, så det skulle vera trygt. Bladet på motorsaga, som måler 30 centimeter, gjekk så vidt gjennom, og eg meiner å ha sett at is på 32 centimeter toler fem tonn. Denne traktoren vog to tonn, og hadde dessutan bare veltebøyle og ikkje ei lukka hytte. Men for sikkerhets skuld hadde me mann med tau som gjekk bak, seier Bergøy.

 Peder Bergøy i gang med skrapinga av isen tidlegare i veka.
 For sikkerhets skuld blei isen målt før traktoren kjørte utpå

Her er dei siste ismålingane kommunen har gjort

VannDatoIstykkelse (cm)Status
Mosvatnet03.02.2121 cmSikker is, snø på isen
Vannassen03.02.2122 cmSikker is, snø på isen
Litle Stokkavatn03.02.2121 cmSikker is, snø på isen
Store Stokkavatn03.02.21Usikker is
Hålandsvatnet03.02.21Usikker is
Breiavatnet03.02.21Usikker is
Hindalsdammen03.02.2116 cmSikker is, snø på isen
Bergåstjern03.02.2119 cmSikker is, snø på isen
Litle Vannassen03.02.2119 cmSikker is, snø på isen
Dam ved kulverten mot Tjodolvs gate03.02.21Usikker is
Dalestemmen, Rennesøy03.02.2120,5 cmSikker is,  is med ujevn overflate  og snø på isen
Vikestemmen, Rennesøy03.02.21Usikker is
Lauvsnesvatnet, Finnøy03.02.2127 cmSikker is,  snø på isen, men grunneier har brøytet  bane og løype

Publisert: