Toppturar er svært populært, og kanskje kan ei dagsturgytta lokka endå fleire ut på tur. Her ifrå Peråsen. Foto: Fogn.org

Kvar haust inviterer Idrettslaget unge og eldre, spreke og mindre spreke på noko av det vakraste Fogn har å by på, toppane.,

7-toppsturen er mest utfordrande og startar på Hovda, medan den litt mindre strabasiøse 4-toppsturen startar ifrå skulen med ein halv times mellomrom. Uansett kva for tur ein vel, er både lengda og høgdemetrane overkommeleg for dei fleste. Turane går i flott kulturlandskap og ifrå toppane er det vakker utsikt over heile Ryfylke.

På fleire av toppane ventar ei "overasking «levert av lokale sponsorar.

Sjekk fogn.org for meir informasjon.