Bjørn Flikke betraktar gravsteinen til Sven Foldøen, som velta i den sterke stormen i helga.

FINNØY:

-Problemet er at gravstøttene er limt til sokkelen, då veltar dei lettare, seier arbeidsleiar Bjørn Flikke i Stavanger kyrkjelege fellesråd  til Øyposten.,

-Det er lite me kan gjera med dei som er velta. Me kjem til å kontakta eit firma som kan sikra dei skikkeleg med boltar mellom sokkelen og gravsteinen. Dessverre er det mange av gravstøttene som er limt til sokkelen, og det er ikkje trygt nok, seier Flikke.

For at gravstøttene skal stå trygt skal det helst vera 12 millimeter rustfrie boltar mellom sokkelen og gravsteinen.

Av dei steinane som var velta var gravstøtta til den kjente predikanten Sven Foldøen, ein stein som er både stor og tung. Også den var limt til sokkelen, slik det ofte blei gjort før.

-Har det skjedd før at vinden har klart å velta gravsteinar?

-Ja, det har skjedd, og det skjedde denne helga både i byen og på Rennesøy, opplyser Flikke.

Sjølv om dei ikkje kunne gjera noko med dei velta steinane, tok han seg like vel ein tur rundt på kyrkjegarden saman med ein kollega for å retta opp skeive støtter.

-Men det gjeld dei som er bolta, for dei som er limt brekk fort på sokkelen. Og det vil ikkje me ha ansvaret for, seier han.