FINNØY: No treng du ikkje lenger reisa til Frankrike for å smaka på god vin. På Ryfylkets fyrste komersielle vingard kan du smaka på Lars eller Solaris, eller kanskje Tor.

Det skriv Rødne i ei pressemelding.

Arild Hebnes og Toyni Tobekk planta i mars 2020 dei aller fyrste drueplantene på garden. Ute på vinmarkene fortel dei to historia om vingarden og korleis vinane vert produsert. I fjor hausta dei 1.5 tonn druer som har blitt til 800 flasker vin.

Etterpå blir det vinsmaking i produksjonshallen.

Vidare går turen til den best bevarte strandstaden i Ryfylke; Jelsa.

Fire laurdagar i sommar kan du oppleva begge desse plassane. Fjordcruiset går frå Stavanger, Tau og Hjelmeland. Jelsa har vore ein sentralt handelsstad i Ryfylke gjennom mange hundre år, og er med sine kvite trehus tett på fjordgapet den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Jelsa har fleire gonger blitt kåret til den mest idylliske stadsen i Rogaland. Båten legg til på den gamle dampskipskaia frå 1855. Her blir dei reisande møtt av ein lokale guide som tek deg med på ei gatevandring gjennom den fleire hundre år gamle trehusbebyggelsen. Turen går innom Jelsa kyrkje frå 1647, som kanskje er mest kjent for stjernehimmelen som dekker heile taket i kyrkja. Vidare går turen til det gamle skulehuset til Ryfylkemuseet frå 1774, som var eit av dei fyrste av sitt slag på landsbygda. Siste del av vandringa går til nye Jelsa Hotell. Her blir det serverets kortreist lusnj. Dagsturen som varer frå fem til sju timar kan bestillast på rodne.no,

Turane går 25. juni, 9. juli, 23. juli og 6. august.