Finnøy havna på ein sterk fjerdeplass

Laget frå Finnøy havna på ein sterk fjerdeplass under finalen av årets Ryfylkequiz. Finalen blei sendt direkte i Øyposten frå Sand i Ryfylke.

Laget frå Finnøy: Anne Rørtveit (t.v.), Sonja Hebestreit og Mateusz Kessler.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

FINNØY: Ni lag med 8. klassingar kjempa om å vera dei kvassaste knivane i skuffa, då Ryfylkequiz’en gjekk av stabelen klokka 12 torsdag. Finnøy-laget, med Anne Rørtveit, Sonja Hebestreit og Mateusz Kessler enda til slutt på ein fjerdeplass.

Øverst på pallen kom Sand undomsskule, mens Tryggheim Strand kapra andreplassen. Her var det spenning til siste slutt og ekstraomgang før vinnaren blei kåra. Finnøy fekk ein liten bit av andreplassen, sidan Brage Mølmann var med på Tryggheim-laget.

Fjerdeplassen gjekk til KF-skolen frå Strand. Årets Ryfylkequiz var den sjuande i rekkja, og den tredje som blei sendt digitalt. Neste års finale går i Sauda.

Du kan sjå finalen her:

https://kprod.aventia.no/embed/live/40

Finnøy-laget i finalen.