Helgøy og Fogn kan få utlånssyklar

Det er Frilageret som ønskjer å utvida tilbodet med fleire aktivitetar og meir utstyr, og har planar om utlånssyklar på Helgøy og Fogn.

Det kan bli utlånssyklar på øyane Helgøy og Fogn.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FOGN: Frilageret opplever stadig større pågang etter utstyr. Dei gjer det enklare for folk å komma seg ut på tur anten det er på land, i vatn eller på fjellet. Under pandemien fekk organisasjonen ein skikkeleg oppsving.

Populære ryfylkeøyar

– Me er alltid på utkikk etter gode aktivitetsstader. Øyane i Ryfylke er populære turiststader, spesielt om sommaren. På Fogn vil det sikkert komma endå fleire turistar denne sommaren på grunn av dagsturhytta. Dermed tenkte me at syklar vil vera ein god idé. Sjernarøy veit me alt er ein populær sykkeldestinasjon, derfor jobbar me no med å utplassert syklar i Helgøysund. Vårt mål er at endå fleire skal få gode opplevingar i naturen, fortel leiar i Frilaget, Ivar Nøttestad.

Frilageret er ein utstyrsbank for utlån av friluftsutstyr som kan brukast av ideelle lag og foreiningar, skuleklassar og privatpersonar.

I Finnøy og Rennesøy har organisasjonen utstyrslager sentralt plassert på Judaberg og i Vikevåg, der alle som vil enkelt kan låna utstyret dei treng.

– For at flest mogleg skal få oppleva turglede er prisane differensierte. Private og bedrifter må betala litt meir enn skular, lag og foreiningar. Men me snakkar om symbolske prisar, seier Nøttestad.

Lettvint

Frilager har i tillegg samla store mengder utstyr i eit nettlager. Du bestiller det du treng og bestemmer sjølv kor du ønskjer å henta utstyret. Har du ikkje moglegheit å henta utstyret sjølv, kan du få det levert på Finnøy og Rennesøy.

Hjå frilager.no kan du leiga alt frå telt, gapahukar og overnattingsutstyr til ski, klatreutstyr, fiskeutstyr, syklar, kajakk, kano og SUP-brett og mykje meir.