Pia Myrvold trugar med å flytta frå Fogn

Fogns mest kjente kunstnar, Pia Myrvold trugar med å flytta frå Fogn viss det kjem flytebrygge med plass til 24 båtplassar i Sæbøvåg på Fogn.

Pia Myrvold trugar med å flytta frå Fogn viss det kjem ei flytebrygge med plass til 24 båtar i Sæbøvåg (i bakgrunnen).
Publisert: Publisert:

FOGN: -Eg kjem kanskje til å flytta viss flytebrygga i Sæbøvåg blir noko av, seier Pia Myrvold til Øyposten.

Det er ikkje meir enn eit knapt år sidan den kjente kunstnaren kjøpte hus i Sæbøvåg på Fogn. Men nå har Magnar Sandanger frå Fogn planar om å etablera ei flytebrygge med 24 båtplassar, som kolliderer med hennar planar.

Kjem til å møta opp

Sæbøvåg på Fogn.

Myrvold seier at ho kjem til å møta opp når saka skal opp i utvalet for by- og samfunnsplanlegging i Stavanger komande torsdag.

-Eg vil be om å få halda eit innlegg der, seier ho, og legg til at utbyggingsplanane vil øydeleggja heile idyllen i Sæbøvåg.

-Det er andre båthavner på Fogn som eignar seg betre til utbygging enn denne, slår ho fast.

I brevet til kommunen skriv Myrvold at planane om den nye flytebrygga kolliderer med hennar planar om ei flytebrygge med 10 båtplassar framfor naustet sitt.

Dessutan er Myvold også med i initiativet til Sæbøvåg Badeklubb, som jobbar for betre bademuligheter og om mulig ein damp-installasjon for felles badestove i området.

«Jeg mener at vi alle har ansvaret for de kollektive interessene i Sæbøvåg, som det mest naturlige og det eneste offentlige badestedet for fastboende, hytteeiere og turister i den nordlige delen av Fogn. Strandlinjen er allerede spist opp, stranden burde egentlig rekonstrueres tilbake til sin opprinnelige form, skriv Myrvold, som også omtalar flytebrygga som eit «enormt anlegg» midt i ein våg som blir brukt av mange.

Slik er planane for den nye flytebrygga.

24 båtplassar

Magnar Sandanger seier til Øyposten at Myrvold har anført sine synspunkt.

-Eg forstår det slik at ho krev fleire rettar enn ho eigentleg har. Viss det er slik må ho bevisa det, seier Sandanger, som håpar på ei god behandling når saka kjem opp i utvalet på torsdag.

Kommunedirektøren skriv at det gitt tillatelse til etablering av 24 båtplassar i Sæbøvågen. I tillegg til klagen frå Pia Myrvold klagar også Ottar Sandanger på vedtaket.

Det var fleirtalet i utvalet for by- og samfunnsplanlegging som gav løyve til ei stor og ei mindre flytebrygge i området.

Statsforvalteren avgjer

Klagen blir oversendt til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg behandling, men kommunedirtektøren ser ikkje at klagene tilførerer vesentleg nye moment i saka. Klagene kjem opp i utvalet for by- og samfunnsplanlegging neste veke.

Ottar Sandanger klagar fordi planen om flytebrygge er for omfattande til at det kunne gis dispensasjon frå reguleringsplanen. Dispensasjon skal vera unnatak, og ikkje regelen, påkeiar Sandanger.

-Å godkjenna dei to omsøkte flytebryggjene er for lettvindt og slett ikkje noko god løysing, skriv Sandanger, som også viser til at planane om flytebrygge inst i havna i si tid blei forkasta av Finnøy kommune.

Advokatfirmaet Rygr har vurdert dei innsende klagene og konkluderer med at det ikkje er rett at Myrvold er den einaste fastbuande i Sæbøvåg, slik ho hevdar. Dessutan er det ikkje rett at Myrvold har lik rett som grunneigar til å benytta arealet, hevdar Rygr, som også påpeikar at det ligg ei flott badevik, Førstervik, like ved Sæbøvåg.