Dagny Sunnanå Hausken med eit knippe av ungdomsskuleelevar på Finnøy skule. Frå venstre: Dagny Sunnanå Hausken, Christer Tysdal, Jonas Mjølsnes, Torleif Hetland, Ida Klawikowska, Sunniva Aartun og Jenny Norheim. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ho er ikkje heilt ferdig som politikar, for framleis er ho medlem av Utval for Oppvekst og Utdanning i Stavanger, men det kan knapt seiast å vere ein fulltidsjobb.

Kanskje kan ho nytte erfaringane frå arbeidsdagen inn i den kommunale skulepolitikken?

Øyposten besøkte henne på den nye jobben ein formiddag då ho hadde vakt i friminuttet.

– Eg er jo ny i skuleverket, så det er mykje å setje seg inn i, seier ho medan ho spring mellom elevar som treng hjelp og lærarar som lurar på noko.

– Men det er deilig å ha ein jobb med fast arbeidstid. Som politikar har eg vore på omtrent døgnet rundt, særleg i dei travlaste periodane, men no er eg ferdig på jobb når eg er ferdig på jobb.

Framleis engasjert

Ho legg til at ho ikkje legg det politiske engasjementet heilt på hylla sjølv om ho i hovudsak no arbeidar i skulen.

– Det er spennande å sjå problemstillingane i praksis. Det dukkar plutseleg opp tankar om noko som må takast opp politisk, utan at det nødvendigvis handlar om Finnøy skule. Sånn sett er det god arbeidserfaring å få. Eg er jo eigentleg sjukepleiar, så det var inga sjølvfølgje at eg skulle begynne å arbeide på skule. Nett no kjenner eg i alle fall at dette har vore eit riktig val for meg. Eg trivst veldig godt her.

Sunnanå Hausken fortel at ho håpar å bli med å utvikle ein skule som elevane synast at det er kjekt å gå på.

– Det er mange flotte ungdommar her. Sjølvsagt er det også dei som har sine utfordringar, men det gjer dei ikkje mindre flotte. Det er dette eg håpar å få lov til å påverke når eg er på jobb. At dei får tru på seg sjølv. Det har alltid vore tøft å vere ungdom, og det kjem alltid til å vere tøft. Gode vaksenpersonar på skulen kan kanskje hjelpe dei til at det blir litt lettare, seier ho.

Delt stilling

Ho er tilsett i til saman 100 prosent stilling, der halvparten er som miljøterapeut og resten er knytt til arbeid med psykisk helse. Ho har også ansvar for elevrådet.

– Eg er usikker på om eg ønskjer å gjere politisk comeback om fire år. Akkurat no synast eg at det er fantastisk å kunne drive med noko anna enn politikk. Eg har jo hatt tolv år som fulltidspolitikar, så det passa godt med eit skifte. Det kan hende at eg endrar meining om fire år, men per i dag kjenner eg at eg er på riktig stad.

Skuleklokka ringer, og elevane spring inn til timen med Dagny Sunnanå Hausken bak seg. Den nye kvardagen hennar er travel, men på ein heilt annan måte enn tidlegare.