FINNØY-RENNESØY: Det viser tal frå Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS) som Øyposten har innhenta.

I Rogaland er det rundt 335 dekar drivhus kor det blir produsert tomater, og halvparten av dette ligg på øyane i Ryfylke. Det alt vesentlege i Finnøy og Rennesøy.

Ifølge konsulent Bjarte Åsbø i GPS kjem den vesentlege auken i desse to kommunedelane.

-Det er her me har dei mindre gartneria, og det er ein god del av desse som nå har starta opp igjen, opplyser Åsbø.

Dei ekstremt høge gassprisane kombinert med mindre etterspørsel gjorde at ein del tomatgartnarar kasta inn handkleet i fjor.

-Nokre har starta opp igjen, mens andre har leigd bort drivhusa sine, seier Åsbø.

Han legg til at det er stor spenning i tomatnæringa framfor årets sesong.

-Det er stor usikkerhet både når det gjeld energiprisar, og forbruket av tomatar. Men det me såg i fjor var ei vridning over på rimelegare tomater, store runde tomatar og tomatar i halvkilos bøtter. Salet av spesialtomatar, som er vesentleg dyrare pr. kg, gjekk ned. Dette er ein trend som kan slå til også i år, men den aller største jokeren for tomatprodusentane er været, seier Bjarte Åsbø