RENNESØY: Innbyggartorga i Finnøy og Rennesøy har teke initiativ til ein serie med kompetansemøte for grundarar som skal gå gjennom heile våren.

Satsinga heiter Næringsutvikling i øyriket og målet er å hjelpa og legga til rette for grundarar, både for dei som står på oppstartsstreken, og for dei som allereie er i gang.

Agroturisme

Første møte blei arrangert onsdag på Innbyggartorget i Vikevåg. Kvart møte har eitt tema som blir grundig belyst av fagfolk. Først ute er seniorrådgjevar i fylkeskommunen, næringsseksjonen, Heidi Skifjell. Ho snakka om temaet: Fylkeskommunen som tilretteleggar for næringsutvikling. Mykje av tida blei brukt på å gå gjennom dei forskjellige tilskotsordningane som grundararane kan å søka på.

– Rennesøy og Finnøy er typiske landbruksområde som har stort potensial til å utvikla lokalmatproduksjon og reiseliv i tilknyting til landbruket, seier Skifjell og viser til Agroturismen som har slått an på Jæren.

Heidi Skifjell, rådgjevar i fylkeskommunen er «første mann ut» som foredragshaldar på møta om næringsutvikling i øyane. Foto: Oddbjørg Måland

Agroturisme er landbruksbasert turisme kor kundane besøker lokale aktørar og produsentar, til dømes på gardar med ulike produksjonar og bruk. Det kan vera direkte produktutsal, landbruksundervisning, overnatting, friluftsaktivitetar og underhaldning utanfor det typiske bylandskapet.

– Eg meiner bestemt at agroturisme bør vera aktuelt og for Finnøy og Rennesøy. Det er berre å sjå til Jæren. Lokalmatproduksjon og reiseliv er eit av våre satsingsområde i fylkeskommunen, og det er mykje både midlar og kompetanse ein kan få, seier Skifjell.

Samhandling

Rundt bordet sat 10 grundarar som alle representerte forskjellige verksemder men som har eit felles ønskje om å læra meir om blant anna moglegheitene som finst, økonomisk og kunnskapsbasert.

– Stavanger kommune har lyst å vera med å gjera øyriket meir synleg og tilgjengeleg. Det ligg fantastiske moglegheiter her for dei som vil satsa. For at me best skal klara det er det viktig med samhandling og deling av kunnskap og erfaring, blant anna gjennom slike fora som dette. Me ønskjer at øyriket skal få til noko som gjer Stavanger unikt, seier Jan S. Grimstad, rådgjevar i næringsavdelingen, Landbruks -og havbrukskontoret.

Leiar på innbyggartorget i Rennesøy, Tina Nådland, seier til Øyposten at grunderbedrifter er eit samarbeid mellom innbyggartorga i Rennesøy og på Finnøy. Møta skal haldast begge stader, annankvar gong.

– Me har kartlagt behov og ønskjer frå våre grunderbedrifter og på bakgrunn av det laga denne serien med møter som går på næringsutvikling i kommunedelane. Det er mykje av dei same moglegheitene og utfordringane me som naboar har, difor er det både kjekt og nyttig at me gjer dette saman. . Gjennom dette prosjektet kan me bidra med kunnskap, kompetanse og nettverk. Det er viktig for oss å spela på lag med næringslivet, det er faktisk ein av dei viktigaste oppgåvene innbyggartorga har, seier Tina Nådland.