Hvaldimir har gjesta Finnøy – blir fulgt av team som har lagt seg inn i Stavanger

Den siste veka har ein av verdas mest kjente kvalar blitt observert både ved Ombo og Sjernarøyane.

Hvaldimir leikar med eit tau i sjøen utanfor Tananger tysdag. Den siste veka har den vidgjetne kvalen forflytta seg mykje inn og ut av fjorden utanfor Stavanger.
Publisert:

– No ventar eg berre på neste melding. Me har frivillige som er ute med bil for å se etter den, sier Sebastian Strand til Øyposten onsdag morgon.

Han er marinbiolog og leiar for Team Hvaldimir. Sidan mars i fjor har han hatt som heiltidsgeskjeft å følgje den verdsberømte kvitkvalen Hvaldimir langs norskekysten. Dei siste dagane har kvalen vore inn og ut av Ryfylkebassenget, og fire personar i Team Hvaldimir har lagt seg inn i Stavanger via Airbnb.

Har unike arr

– Me har hatt ganske mange observasjonar av kvalen den siste veka, blant anna utenfor Ombo og Sjernarøyane, seier Strand.

Hvaldimir er estimert å være kring 13 år gammal, og i yngre år blei den sannsynleg trena i Russland for å utføre tenester, muligens for militæret, utan at det er stadfesta. Dei siste fire åra har den vore på frifot langs norskekysten, og den har blant anna vore på BBC-nyheitene.

– At det er Hvaldimir me har sett utanfor Stavanger, er det liten tvil om. Den har ein serie unike arr på kroppen, og det er den einaste kvalen eg veit om som prøvar å gi menneske «high five», seier Strand.

Hvaldimir er ein kvitval, eller belugakval, og normalt held desse seg mykje lenger nord, frå Svalbard og nordover.

Team Hvaldimir (Sebastian Strand t.v.) studerer Hvaldimir utanfor Haugesund då den var der for ei veke sidan.

Korleis møte den

Hvaldimir oppsøker folk og går heilt inn i hamnene. Strand har følgjande råd til dei som ser den:

– Unngå aktive propellar i nærleiken, og la heller den oppsøke deg enn at du oppsøker den.

Å mate kvalen har lite for seg.

– Når nokon har gitt den ein fisk, har Hvaldimir høfleg levert fisken tilbake. Den finn maten sjølv, og det er veldig bra, seier Strand.

Om du ser den kvite kvalen, vil Team Hvaldimir gjerne ha beskjed.

– Har humor

Strand meiner at Hvaldimir har humor:

– Me har fleire døme på at når den helsar på folk, så har den først gått stille opp av vatnet og så kjapt snudd hovudet og liksom sagt «bøøø». Me har òg sett døme på at den kan lese kroppsspråk og at den har empatiske emner.

Strand vil ikkje gå så konkret inn på kva Hvaldimir kan gjere, fordi han ikkje vil stimulere til at folk prøvar ut det eller det. Det mest kjente klippet på Youtube er kanskje at kvalen leverer tilbake ein mobiltelefon som nokon har mista i vatnet.

Tysdag blei kvalen observert utanfor Tananger, så om den kjem tilbake til Ryfylkebassenget med det første, er ikkje godt å sei.

Tidleg bergtatt

– Eg vokste opp i ein veterinærheim på ein bondegard i Brønnøysund, og eg blei tidlig bergtatt av dyr. Ikkje noko dyr har bergtatt meg meir en Hvaldimir, seier Strand.

– Kva er drivkrafta di for å bruke så mykje tid på dette eine individet?

– Me prøvar å lære så mykje me kan av han, både om åtferd, helsetilstand og anna. På sikt hadde det vore flott om Hvaldimir blei sosialt rehabilitert saman med andre kvalar, sjølv om det sikkert ikkje er så lett å få til, seier Strand.

Belugakvalar er kjent for å ha ein komplisert sosial struktur. Dei kan bli 50 år gamle, ifølge Strand, så Hvaldimir kan ha mange år føre seg, anten det no er rundt Finnøy og Rennesøy eller andre stader.

Publisert: