Frå og med måndag 3. juli blir buss, hurtigbåt og tog gratis i sone Nord-Jæren for innbyggarar i Stavanger kommune. Foto: Arkiv

For å bruke tilbodet om gratis kollektivtransport frå og med måndag 3. juli må du først registrere deg i kommunens kollektivregister. Det gjer du ved å logge deg inn på «Min side» på Stavanger kommunes nettside.

Kommunen opna for registrering onsdag 28. juni klokka 10.00. Registreringa tar under eitt minutt, då Øyposten prøva. Då eg var registrert fekk eg denne meldinga på mobilen:

«Du er nå registrert i Stavanger kommune sitt kollektivregister. Du kan logge inn på: https://minside.stavanger.kommune.no/reisebillett. Fra 3. juli klokken 07.00 kan du hente ut gratisbilletter.»

Dekker ikkje kombibillett

Øyposten har i eit par veker prøva å få svar på om kommunen vil refundere den såkalla kombibilletten, eit alternativ for dei i Finnøy som reiser med hurtigbåt litt på kryss og tvers og som ikkje har hjem-jobb-hjem-billett. Ein kombibillett kostar 2350 kroner, varar i 30 dagar og dekker buss, båt og tog i Nord-Jæren. Problemet er at den òg dekker buss i Ryfylke og båt til Strand.

Nå har me fått svar:

– Me refunderer ikkje kombibilletten, seier kommunikasjonsrådgivar Ståle Madland Schjelderup i Stavanger kommune:

– Det ville balla på seg med tilsvarande billettar sørover på Jæren.

Bilde av billetten

Dei som vil ha refundert reiser med hurtigbåt må ta bilde av billetten og laste den opp i eit elektronisk skjema på «Min side» på Stavanger kommunes nettsider. Skjemaet kjem snart, melder kommunen. Du må betale billetten som vanleg og så få refundert beløpet i ettertid. Denne metoden gjeld òg for hjem-jobb-hjem-billett.

For dei som reiser berre med buss, er det enklare. Her kan du enkelt til dømes få ein 30-dagars billett som gjeld for ei sone, sone Nord-Jæren. Denne billetten kostar normalt 630 kroner for vaksne, men frå og med måndag 3. juli kan du hente ut ein slik gratisbillett via «Min side» på kommunens nettsider.