Øyposten har redaksjonslokale i Rygjabøvegen 4 på Judaberg. Avisa har òg tilgong til kontorlokale over Rennesøy innbyggartorg i Vikevåg.

Avisa kjem ut kvar dag på nett og ein dag i veka på papir, kvar torsdag 48 gonger i året. Ved årsskiftet 2023/2024 har avisa to tilsette i full stilling; redaktør Sigbjørn Høidalen og journalist Silje Talgø Klakegg.

Øyposten hadde i 2022 eit netto totalopplag på 1383, ifølgje medienorge.uib.no.

Ved årsskiftet 2023/2024 er avisa eigd 51 prosent av Polaris Media og 49 prosent av Schibsted.

Avisa starta som eit informasjonsblad for Finnøy kommune i 1970. I 1999 blei avisa aksjeselskap. Etter at Finnøy og Rennesøy kommunar blei ein del av Stavanger kommune frå 1. januar 2020, har dekningsområdet omfatta dei to kommunedelane Finnøy og Rennesøy.

I juni 2021 kjøpte Schibsted først 80 prosent og seinare 100 prosent av avisa, før dei i oktober 2023 selde 51 prosent til Polaris Media. Øyposten er frå hausten 2023 ein del av Polaris Media Vest i hop med ni andre lokalaviser i Rogaland og gamle Hordaland.