Siste innspurt: Snart er det lysløype i heile Teigen

Arild Flesjå, primus motor i Teigens venner, trur dei siste lysa i rundløypa kan tenneast neste månad.

Frå venstre: Arild Flesjå, Oddvar Spanne, Eivind Vestbø, Jan Asjen Mensink og Kjell Lund. Torjus Landa sit i gravemaskinen.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

Onsdag ettermiddag møttes fem eldsjeler på parkeringsplassen i Teigen. Dei høyrer til den harde kjernen i Teigens venner som gjennom fleire år har lagt ned utallige timar med frivillig arbeid på området. Denne kvelden skal dei trekka kablar som ligg i røyr i bakken.

Tungt arbeid

Det er siste rest av totalt 70 lyspunkt som skal på plass før heile den 1.5 kilometer lange rundløypa er lyssett.

Hal i å dra. Framme: Eivind Vestbø, Oddvar Spanne og Jan Asjen Mensink.

Snart stiller tre av dei seg opp på ei rekke og byrjar dra i kabelen som dei to andre trer ned i røyret lenger oppe.

– Dette er knalltungt arbeid, det er difor me har ein lege på laget, smiler Kjell Lund frå Rennesøy, og ser lurt på Eivind Vestbø.

– Det blir ikkje lys i dei i kveld altså, forsikrar primus motor i Teigens venner, Arild Flesjå, som antyder at det kan skje neste månad.

Første etappe av turløypa fekk montert lys alt hausten 2018. Sidan har arbeidet gått stykkevis og delt framover.

Lysløypeprosjektet har ei kostnadsramme på rundt 1,2 millionar kroner og skulle etter planen vore ferdig våren 2020, men er blitt forsinka av ulike årsaker.

Etter ein betydeleg dugnadsinnsats, gode innkjøpsavtalar, spelemidlar frå Norsk Tipping og momsrefusjon, har beløpet blitt redusert betraktelig. Kommunen sponsar prosjektet med rundt 450.000 kroner.

Handarbeid

– Dette prosjektet er fullt og heilt Arild si forteneste. Me har gjort rundt rekna ein promille av arbeidet, resten har han gjort. Det er avgjerande å ha nokon som går i bresjen, smiler Eivind Vestbø.

– Og så har han gjort det så fint, med nensam hand. Det er mest ikkje sår i naturen, det er ein stor fordel. Det vesle som er gjort av inngrep veks fort til igjen. Dette er sølvsmedarbeid, meiner Jan Asjen Mensink.

Å trekka kablar er rå muskelkraft. Torjus Landa legg breisida til.

– Kor viktig er det med lys i rundløypa?

– Det er alt mange, veldig mange som bruker området her. Men det blir endå fleire når heile lysløypa snart er klar. Di betre forholda er lagt til rette, di større blir bruksområdet. Det er spesielt mange å sjå i helgene, mange hyttefolk også, seier Lund.

– I eit folkehelseperspektiv er dette tipp topp. Å koma seg opp og ut er viktig for alle uansett alder og fysisk form, slår Eivind Vestbø fast.

Publisert: