Gratis ferje vedtatt av fylkestinget

Fylkestinget vedtok innføra gratis ferje på Finnøysambandet og på Ryfylkeferja.

Gartis ferje frå onsdag av.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STAVANGER: Eit breitt fleirtal på 38 representantar røysta for å innføra gratis ferje på dei to sambanda frå onsdag morgon.

-Dette hadde aldri skjedd utan Senterpartiet i regjering, slo fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg fast i debatten.

-Dette er første skritt på ei ny reform kor ferjene er ein del av vegen, la Bergsvåg til.

Dei to ferjene blir gratis frå onsdag morgon. Gods som skal sendast separat må det fortsatt betalast for. Men passasjerar, personbilar med og utan hengar og lastebilar går gratis.

Det skal også innførast ei reservasjonsordning på Ryfylkeferja i store utfarthelger, kor dei som bestiller tur må betala ein 50-lapp. Alle kaiar kor det må bestillast anløp, vil få same ordninga også etter at Ryfylkeferja er blitt gratis.

Publisert: