Desse får pengar frå Finnøy hjortevald

Fire lokale lag får 6500 kroner kvar frå Finnøy hjortevald.

Kai Petter Flesjå er leiar i hjortevaldet på Finnøy.
Publisert: Publisert:

Grunneigarmøtet i Finnøy hjortevald har vedteke å dele ut pengar frå fjorårets jakt slik:

  • Finnøy IL: 6500 kroner
  • Speidaren: 6500 kroner
  • Finnøy skyttarlag: 6500 kroner
  • Finnøy kristelege ungdomslag: 6500 kroner

– Pengane er øyremerkt arbeid for barn og ungdom, seier leiar Kai Petter Flesjå i hjortevaldet.

I fjor blei det skoten seks vaksne hjortar og ti kalvar på Finnøy. Dei som deltek i jakta er grunneigarar, og jegeren som skyt ein hjort betalar inn ein fastsett sum til valdet. Overskotet har grunneigarane blitt einige om å gje til frivillig arbeid på øya.

Hjortejakta startar 1. september.

Publisert: