RENNESØY: -Dette skal bli den beste Rennesøydagen, nokon gong, sa Tom Egill Tobiassen då han innleia til komitemøte på Innbyggartorget i Vikevåg torsdag kveld.

Det var rett og slett stinn brakke. Det måtte hentast fram ekstra stolar og kokast meir kaffi, for arrangementet har alt skaptr ein felles flamme hos øybuarane i Rennesøy kommunedel.

Over 20 personar frå lag, foreningar og næringsliv møtte opp for å bidra til dugnaden inn mot årets festival, som går av stabelen siste helga i august.

-Me skal visa fram alt som øyane våre har å by på, sa Lene Dalaker frå Lykkelig, ei av bedriftene som står som arrangør for årets fest.

Det var god stemning blant dei frammøtte, og deltakarane på møtet var svært positive og såg fram til å vera med på å skapa noko unikt.

Årets tema for Rennesøydagen er treffande kalla «kjenn på fellesskapen». Øyane i Rennesøy har mange hundre års historie, kombinert med ei rivande utvikling frå bygdeliv til fastlandsforbindelse.

Temaet er noko som arrangørane ynskjer å jobba med også framover.

Saknar fleire frå dei søre-øyane

Blant dei 20 frammøtte var det dessverre ingen frå dei søre øyane, noko Tobiassen oppfordra til å gjera noko med.

-Når me møter våre naboar, så møt dei med eit smil og ønsk dei hjerteleg velkommen inn i både komite og Rennesøydag, sa Tobiassen.

Etter kommunesamanslåinga har fellesskapen i Rennesøy kommunedel blitt endå viktigare, blei det understreka. Dette fekk også gjenklang i komiteen, kor det er eit stort ønske om å samla alle frå kommunedelen.

Vil prøva å slå fjorårets besøkstal

Over 2000 personer møtte opp til fjorårets Rennesøydag. Det blei ein så stor suksess at dei som serverte mat gjekk tome før arrangementet var slutt.

-I år er me endå betre førebudd med både Amo’s Pizza, Bondelaget og Nortura med oss, og saman med Kystlaget skal me sørga for at alle går heim stappmette, blei det understreka.

Årets Rennesøydag vil skilja seg ut frå tidligare år, sidan det i år er bevilga 150.000 kroner frå Stavanger kommune til arrangementet.

Prosjektmidlane skal dekka alle utgifter gjennom heile helga, mens eventuelt underskot må prosjektgruppa stå for sjølv. Kravet frå Stavanger kommune er at det skal vera gratis for både publikum og utstillarar, noko som kan gjera økonomien ved arrangementet utfordrande. -Heldigvis er det fleire bedrifter i Rennesøy som vil vera med og dra lasset. Det er alt fleire som vil kjøpa sponsorplass for å løfta arrangementet fram, blei det opplyst.

Kickstart med Rune Bjerga og Amatøren Revylag

I år vil helga bli «kickstarta» med eit heidundrande show på Meieriet på fredagen.

Det er prosjektgruppa saman med Meieriet som skal sørga for ein pangstart på helga. Dei har nemleg booka det lokale revylaget Amatøren til åpningsnummer, etterfygd av Rune Bjerga som skal ha show.

-Her blir det ein fantastisk mulighet til å koma saman før startskotet går på laurdagen, seier Tom Egill Tobiassen.

Nå må lokale bedrifter, lag og foreningar inn på rennesoydagen.no og søkja om plass til «årets helg». Deretter skal programmet sys saman, med show frå scene, søndagstur, konkurransar og mykje meir.

Rennesoydagen.no kan fylgjast både på Facebook og på Instagram.