Lnett: 45 prosent auke i straumforbruket innan fem år
Lnett reknar med at straumforbruket i området Tau-Finnøy vil auka med 45 prosent innan 2028.
FINNØY: -Me byggjer ikkje nytt straumnett for løye, slo Børre Dybesland frå Lnett fast på folkemøtet.
Nytt og kraftigare nett er nødvendig for å møta det aukande behovet frå mellom anna næringslivet og elferjer. Dessutan blir det mindre feil på nettet.
-Kapasiteten i dag er på grensa, og viss det blir større feil på nettet kan det bli mørkt lenge, la han til.
Seniorrådgiver Tanja Midtsian synes stemninga på folkemøtet på Finnøy var som forventa. -Det var klar tale frå mange, seier ho.
-Det er tydeleg at folk er opptatt av verdien i lokalsamfunnet. Det gir oss eit godt grunnlag for utgreiinga som skal gjerast, seier Midtsian til Øyposten.
Ho er ikkje overraska over at folk ikkje ynskjer luftspenn over øyane.
Hovudregelen er luftspenn
-Det er ei haldning me møter dei fleste stader, seier ho, og legg til at hovudregelen slik det er fastlagd frå Stortinget er luftspenn, og ikkje jordkabel.
-Men det blir ein god del kabel i sjø mellom øyane, presiserer ho.
Børre Dybesland frå Lnett opplyste at det er ei ny stortingsmelding på trappene om bygging av kraftnett, «Nett i tide», men at den i stor grad stadfestar dei føringane som ligg frå før.
Frå Lnett blei det opplyst at dei vil utgreia jordkabel, følgene for spreieareal, friluftsliv og korleis luftspenn vil ta seg ut i landskapet. Det er også planen å laga ein 3D-modell som viser korleis eit luftspenn vil ta seg ut i terrenget.
Kabel legg beslag på sju meter
Det kom også fram på møtet at ein jordkabel ville ha restriksjonar på sju meter i traséen, kor det ikkje ville vera lov å byggja. Men gang- og sykkelveg ville vera lov, og det ville også vera lov å slå graset.
Det kom også fram at det nå er fire alternativ til plassering av ny trafostasjon på Finnøy, alle på Judaberg, men tanken er å byggja ny trafo på tomta til tidlegare Finnøy Motor.
-Viss NVE seier nei, vil me selja bygget igjen, opplyste prosjektleiar Torbjørn Grødem i Lnett. Han la også til at trafostasjonen ville ruva 12–14 meter over bakken.
-Blir det lyd frå anlegget, blei det spurt, men ifølge Grødem var det mulig å dempa lyden mykje.
-Det var ein som stod og lytta utfor gjerdet til ein ny trafo, og blei skuffa at han ikkje høyrde ein lyd, la an til.