– Eg kan stille med maling

Senterpartiet på Finnøy vil ha meir handling frå både fylke og kommune. No trugar dei med å ta saka i eigne hender.

Lisa Breiland er lei av prat og vil ha handling. Ho har kjøpt maling og er klar til å male gangfelt.
Publisert:

Denne veka har det vore mykje fokus på trafikktryggleik i Judabergområdet. Øyposten har dokumentert farlege krysningspunkter der skuleelevar ferdast, og avisa har og fått innsyn i dei mange og lange prosessane der blant anna FAU og velforeiningane har arbeidd for å trygge skulevegane på Judaberg.

Lisa Breiland har løysinga på problemet.

– Dette var snakka om då eg sjølv gjekk på ungdomsskulen, og det er mange år sidan. No har eg kjøpt måling og vil sjølv dra ut og male gangfelt om ikkje dette blir tatt tak i, seier ho.

Alternativ løysing

Birger Hetland har gått for ein noko meir demokratisk løysing. Han har sendt spørsmål til Utval for Miljø og Utbygging, der han vonar at han vil få svar allereie på neste møte. Dette vil finne stad på onsdag neste veke.

– Eg har spurt om Stavanger kommune vil ta initiativ til å trygge skulevegen for elevane som bur i Fåhagen. Dette er ein viktig sak, og eg kan ikkje forstå kvifor dei ikkje har gjort noko med det allereie. Dei vil at elevane skal gå eller sykle til skulen, men dei gjer ingenting for at elevane skal kunne gjere dette på tryggast mogleg vis.

Rådgjevar for trafikktryggleik i Stavanger kommune skriv i ein e-post til Øyposten at «vi kan ikkje gjere tiltak på fylkesveg dersom vi ikkje får trafikksikkerhetsmidler til dette formålet og dessutan godkjenning av Rogaland fylkeskommune til tiltaket».

Lisa Breiland og Birger Hetland var fredag morgon på staden der velforeininga krev sikringstiltak for skuleungane. Dei er einige om at det ikkje er nok å sjå på årsdøgntrafikk, for her kjem trafikken samla i samband med ferjetrafikk og når folk skal på jobb og skule.

Trygg Trafikk

Trygg Trafikk informerer om at det er viktig at foreldre gir beskjed og etterlyser tiltak, når ein opplever risikopunkt. Det hjelp å synleggjere risiko, nestenulukker og uønskte hendingar.

Ansvarleg for veg og for skulebarn på veg vurderer kva som er mogleg å få til, både økonomisk og i samsvar med lovverk. Dei skal prioritere eventuelle tiltak. Dette vil vere fylke og kommune sitt ansvar, og dei ønskjer kommunikasjon med innbyggjarar.

– Det er jo akkurat dette me har forsøkt i mange år, seier Ann Helen Sandvik til dette. Som leiar i Fåhagen Velforeining kan ho stadfeste at det har vore søkt om tryggingstiltak her fleire gonger, men dei får nei kvar gang.

– Me fekk heller ikkje noko svar på kvifor før me gjekk til avisa. Svaret me fekk, er me ikkje nøgd med, for det visar berre at fylket ikkje har vore på staden. Dei gøymer seg bak statistikk og kart, og denne statistikken syner ikkje realiteten for dei som må krysse vegen her. Sjølv om det er mindre trafikk i periodar av dagen, er det veldig mykje trafikk i andre periodar, og det er då det er utrygt å krysse.

Trafikksikker kommune

Stavanger kommune blei i 2022 godkjent som «trafikksikker kommune». Dette imponerer ikkje Sandvik.

– Det viser ikkje igjen her på Finnøy i alle fall. Her har det ikkje skjedd noko som helst for å trygge skulevegen til ungane våre. Trafikktryggleiksplanen er ikkje verdt noko når fylket berre har bestemt seg for at me kryssar vegen trygt her.

Det har vore poengtert i fylket at gangfelt ikkje er eit tiltak for sikring av vegen, men for fremkommeligheit. Fylket har likevel ikkje kome med noko anna forslag for korleis ein kan sikre kryssinga på staden.

– Eg vil oppfordre Rogaland Fylkeskommune til å finne ei betre løysing på trafikksikringa sjølv, seier Sandvik.

– Eg godtek ikkje at dei kallar dette ein trygg stad å krysse vegen, for det er det ikkje.

Publisert: