Ønskjer kortare arbeidsdag for tilsette med små barn

Eit forslag frå Kristeleg Folkeparti seier at dei vil sjå på moglegheita for at småbarnsforeldre skal jobbe mindre, men likevel få full løn.

Hanne Reilstad trur at forslaget frå Kristeleg Folkeparti vil gi positive ringverknadar også utanfor familien.
Publisert:

I partiet sin «Familiepakke» som er ein del av valprogrammet til kommunevalet, står det at dei ønskjer å prøve ut ei ordning som gir kommunalt tilsette moglegheita til å arbeidde i 90 prosent stilling til full løn medan dei har små barn.

Det kan vere mange grunnar til at dette er ein god ide å prøve ut.

Hanne Reilstad har tre barn under seks år, og kjenner på at dette tiltaket ønskjast velkomen.

– Det er travelt å ha barn, og mange blir utbrente i klemma mellom det å skulle prestere 100 % i både full stilling på jobb og i heimen, så alle tiltak for å lette byrda for småbarnsforeldre er sjølvsagt bra. Dette kunne med fordel vore eit tiltak som varte lenger enn fram til barnet er 3 år, men det er ein god start, og eg håpar dette er noko som vil prøvast ut i Stavanger kommune.

Gjeld småbarn

Sidan tiltaket gjeld for foreldre til barn under 3 år, kan det sjåast på som ein vidareutvikling av foreldrepermisjonen. Barna kan få ein mjukare start på barnehagelivet ved å få kortare dagar i starten.

– Eg trur dette vil gagne barna i stor grad, men sjølvsagt også foreldra. Dei vil få meir tid til alt som krevst i ein familie, som klesvask og matlaging, og heile familien vil dra fordel av foreldre med meir overskot, seier Reilstad.

Ho peikar på dette med å orke å vere sosial i småbarnstida som spesielt viktig. Det kan vere med på å førebyggje psykiske problem hos dei som lever i småbarnsbobla. Alle treng å kome seg ut i blant, men med så mykje jobb som krevst i småbarnsfasen i dag, er det ofte dette som blir nedprioritert.

– Etter ungane er i seng og husarbeidet er gjort er det ikkje alltid det er tid til eigne sosiale behov.

Småbarnsmor og politisk aktiv

Ingrid Eiane Setvik er også trebarnsmor og står på 23.-plass på KrF si liste til kommunevalet for Stavanger. Ho skreiv i juni eit lesarinnlegg som mange vil kjenne seg igjen i. «Litt meir kvilepuls, gjerne» heiter innlegget som var publisert i både Dagsavisen og Øyposten.

Det er travelt å ha barn. Når ein til og med har opp til fleire barn som skal spele fotball og gå på musikkskule eller turn eller speidar, blir det ofte få timar att til kvilepulsen i ein familie.

Det er dette ho vil gjere noko med.

– Det er som oftast ein kort periode av livet ein har små barn. Men travelheita gjer at me ikkje får nyte dei gylne augeblinkane i kvardagen. Me er alltid på veg mot neste gjeremål.

Ingrid Eiane Setvik stiller til val for Stavanger KrF.

Dårleg løysing

Ho peikar på at det ikkje er ei god løysing at foreldre går ned i stilling, for då tapar ein inntekt. Dette kan gi konsekvensar for sjukepengar eller dagpengar om ein skulle hamne i den situasjonen at ein treng det.

– Det er difor eg meiner at KrF si løysing er god. Litt kortare arbeidstid vil frigi tid til å ta seg av familien. Helst skulle eg sjå at småbarnsforeldre fekk ei ekstra ferieveke på linje med den som arbeidstakarar over seksti år får, for sommarkabalen for småbarnsforeldra er ei utfordring for seg sjølv. Når foreldra har fire eller fem veker ferie og barna har om lag 13 veker fri, er det sjølvsagt at dette er vanskeleg for mange.

Lønsamt for samfunnet

Setvik meiner at tid til familien vil tene samfunnet.

– Færre vil bli utbrente. Ungane vil få det betre om foreldre sine skuldrer er lågare. Det er ein vinn-vinn situasjon for samfunnet, og kostnadane trur eg vil sparast inn på andre område, til dømes ved at fleire vil klare å halde seg lenger i jobb.

Kristeleg Folkeparti ønskjer å teste ut dette på kommunalt tilsette foreldre med barn under tre år i første omgang. Viss dei får til dette, vil dei etter kvart sjå på moglegheita for å utvide ordninga ved at private bedrifter kan søke kommunen om tilskot for å kunne tilby fleire småbarnsforeldre redusert arbeidstid.

Publisert: