Samuel Tjemsland (10), Tomine Langvik Østhus (10) og Kine Forsberg (10) var på plass på Mosterøy for å samle inn pengar til TV-aksjonen.

RENNESØY: Over 70 bøsseberarar går rundt i Rennesøy for eit godt føremål sundag ettermiddag.

10-åringane Samuel Tjemsland, Tomine Langvik Østhus og Kine Forsberg, er saman med fleire andre 5. klassingar frå Vikevåg og Mosterøy skule, er ute for å samla inn pengar til TV-aksjonen.

https://www.oyposten.no/2021/10/23/gar-med-bosse-for-jenters-rettar/

– Me har ikkje vore så mange plassar enno, men dei som opnar gir mykje, trur eg, seier Tomine.

Det er kanskje ikkje alltid folk er heime ein sundags ettermiddag, men dersom du er ute på vift får du likevel muligheit til å gi ein donasjon via Vipps. Då heng det eit klistermerke på døra di med info når du kjem heim.

– Me trudde eigentleg at det ville bli mest Vipps, men me har fått mykje kontantar, spesielt av dei eldre, fortel Kine.

https://www.oyposten.no/2021/10/22/stort-engasjement-pa-aksjonsdagen/

For to år sidan fekk 5. klassingane på Rennesøy samla inn rundt 130.000 kroner, medan det naturlegvis blei betydeleg mindre i fjor på grunn av pandemien.

I år går pengane frå TV-aksjonen til Plan sitt arbeid for å bekjempa barneekteskap.