Sel juletrea sine på billigsal

Juletreprodusent Kåre Nordbø på Finnøy frykter han brenn inne med juletrea, og sel dei difor nå for 200 kroner per stykk.

Juletreprodusent Kåre Nordbø avviklar produksjonen etter denne sesongen.|
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Nordbø har rundt 500 juletre som han har produsert heime på garden på Nordbø, og som er klare for sal denne jula.,

- Det er greitt nok å selja juletrea heimanfrå, men det forsmår ingenting. Det blir ikkje stort nok volum av, til det ligg me altfor langt vekke frå byen, fortel Nordbø, som har drive med juletretreproduksjon på Nordbø i fleire år.

Avsluttar produksjonen

- Skal ein driva med juletreproduksjon i dag nyttar det ikkje å stå åleine og selja eit og eit tre heimanfrå. Då må ein vera med i bransjen og driva som eit ledd i ein større samanheng, seier Nordbø.

Norsk Juletreservice er ein av dei store aktørane på den norske juletremarknaden, og eksporterer også til utlandet. Selskapet blei starta som eit AS i 1980, og har i dag 80 aksjonærarar kor mange er produsentar som leverer tre til selskapet.

- Kvifor er du ikkje med i Norsk Juletreservice?

- Nei, det er ikkje godt å svara på. Eg har fleire gonger prøvd å komma meg inn som aksjonær, men eg har ikkje fått tilslag på kjøp av aksjar. Eg trur det kan ha å gjera med at eg er ein liten produsent, eg er har jo blitt godt vaksen etter kvart, og ikkje ein det er vits i å satsa på. I tillegg stillast det svært strenge krav til kvaliteten på trea.

For å bli av med juletrea må Nordbø selja trea på billigsal. For 200 kroner kan du velja kva tre som helst, lite eller stort, prisen er den same.

Må ut nå

- Til neste år blir mange av dei for store, og då blir det i alle fall vanskeleg å få dei selt. På ein måte undergrav eg det regulerte juletresalet ved å gjera på denne måten, men eg har ikkje anna val. Det er bransjen sjølv som legg rammene for sal. Eg veit med sikkerheit at nå jula er over må eg kvista opp eller brenna ein del av trea, det er jo ikkje slik det ska vera.

Etter denne sesongen startar Nordbø ei kontrollert avvikling av juletreproduksjonen.

- Det nyttar ikkje å halda fram på denne måten. Etter kvart som trea forsvinn vil dei ikkje bli erstatta av nye. Skal ein satsa på juletre krevst det strategiar over lang tid og det stillast strenge krav til produsentane om kunnskap og stell. Det er ikkje aktuelt for meg no, det får dei yngre ta seg av , smiler Kåre Nordbø.

Manglande kvalitet

Norsk Juletreservice skriv i ein epost til Øyposten at det er sviktande kvalitetet som gjorde at dei sa nei til å omsetja trea.

"(Det er) omfattende angrep av skadedyr og såpass dårlig kvalitet i juletrefeltet at det er vanskelig å finne kunder dette kan være aktuelt for", skriv Norsk Juletreservice, som også peikar på at det er minst to andre salgsledd som kjøper og sel tre i Rogaland.

Publisert: