Kolumbus-direktør Odd Aksland fekk eldsjelprisen.

ROGALAND:

Over hundre ulike bedriftar var samla til årets kollektivkonferanse, som gjekk digitalt på torsdag denne veka.,

Der fekk Rogalandsbedrifta Kolumbus prisen for årets eldsjel, samt publikumsprisen, med 487 stemmar, skriv Kolumbus i ei pressemelding.

– Me er utruleg stolte av å få eit slik prisdryss til Rogaland, seier direktør i Kolumbus, Odd Aksland.

Eldsjel

Årets eldsjel i Kollektivtrafikken blei for første gang delt ut som ein jurypris under konferansen. Den gjekk til Kolumbus-direktøren sjølv, Odd Aksland. Han fekk prisen for sitt engasjement og aktive bidrag til samarbeid i bransjen, står det i pressemeldinga.

Totalt var seks bedriftar nominert til

Kolumbus fekk publikumsprisen for sitt arbeid med «mobilbetaling på buss uten soner og månedskort».

– Prosjektet kan komma til å få stor innverknad for befolkninga her i regionen. Me håper det vil gje folk friheiten til å reise akkurat slik det passer dei best, og at dei samstundes kan vera trygge på at dei alltid får den beste prisen, seier Aksland i pressemeldinga.

Her er noko av det som ble vektlagd med prosjektet:

"