Fr-P politikar Mads Danielsen, reagerer sterkt på at eit stort politisk fleirtal, innkludert Ap., H og Sp. i Nye Stavanger, overstyrer tidlegare samrøystes vedtak i Finnøy i delings- og reguleringssaker.

FINNØY/RENNESØY: -Me opplever nå at i fleire og fleire saker, som tidlegare møtte ei positiv haldning i både Finnøy og Rennesøy, nå møter ein vegg. Eg stiller spørsmål ved den innflytelsen som Finnøy sine reperesnatanatar i Arbeidarpartiet, Høyre og Senterpartiet har i det politiske miljøet i Stavanger i dag, seier Mats Danielsen som er både leiar og kommunstyrerepresentant for Framstegspartiet i Stavanger.,Delingssaka kjem nå opp som ei klagesak. Det etter at eit solid politisk fleirtal i "Utvalg for By- og samfunnsutvikling tidlegare i år  snudde om og støtta Fylkesmannen si motsegn til å gi ein slik dispensasjon frå dåverande kommuneplan i Finnøy.,Grunneigaren på Steinnesvåg og Hesby har nå påklaga denne avgjerdsla, men administrasjonen innstiller igjen på å avslå klagen.,-Me kan visa til ei rekke saker av denne karakteren, der Stavanger- politikarane gong på gong stiller urimelege krav til tiltak, der dei tidlegare, frå eit samla politisk miljø i Finnøy, blei møtt med opne armar, seier ein noko oppgitt Fr.P politikar. Ein ung Fr.P-politikarar som også tidlegare har engasjert seg sterkt i ulike delings- og reguleringssaker i dåverande Finnøy kommune.,-Framstegspartiet er opptatt av å vera ein tilretteleggjar for innbyggjarane og lokalt næringsliv, enten sakene er relatert til Hundvåg eller på Finnøy/Rennesøy, pongterer Danielsen.,

I  samfunnsdelen til arealdelen i den vedtekne kommuneplanen for Finnøy, står det også å lesa at kommunen skal føra ein langt meir liberal og imøtekomande praksis til frådeling og deling av eigedomar på dei ikkje landfaste øyane i kommunedelen Finnøy. Dette primært for å leggja til rette for spreidd busetnad, og for å gjera det enklare å meir attraktivt å busetja seg på desse øyane.