Oppvekstsenteret på Kalvaneset i Sjernarøyane har både skule og barnehage.|Pål Rune Grønås, FAU Fogn.|Elin Samuelsen Rødne, FAU Sjernarøy.|Pål Rune Grønås, FAU Fogn.

FOGN-SJERNARØY:

-Det vil vera eit heilt klart tilbakeslag, seier Pål Rune Grønås, FAU-leiar på Fogn.,

-Det betyr lengre skuleveg for barn heilt ned i ni-års alderen, og vil skapa usikkerhet rundt skulen vår. Er dette bare begynnelsen på avviklinga av skulen på Fogn, spør Grønås.

Pål Rune Grønås, FAU Fogn.

-Stemninga på Fogn, slik eg kjenner den er veldig negativ til dette. Men me stolar på at Henrik Halleland og dei andre lokalpolitikarane våre ordnar opp, seier Grønås.

FAU-leiar i Sjernarøy, Elin Samuelsen Rødne, seier at saka ikkje er diskutert der, men at stemninga til nå ha vore at skulen der skal vera for 1. til 7. klasse.

-Det reknar eg med at situasjonen er nå også, seier FAU-leiaren.

Øyposten er også kjent med at det kan bli aktuelt for dei tre oppvekstsentra å koma med ei felles fråsegn om skulebruksplanen, avhengig av kor eintydig oppfatningane er etter at foreldra har fått diskutert saka.

Elin Samuelsen Rødne, FAU Sjernarøy.